Presis og lågmælt observatør

«Vakre og sympatiske dikt vekslar med det meir konstruerte.»

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: Å gå inn i det alminnelege med sterke kjensler og eit presist og enkelt språk, ser ut til å vera Hildegunn Dale sitt prosjekt som poet. Tekstane slår ein som sympatiske, også når det handlar om å skyte ei kråke så blodet glinsar. Her er ei kopling mellom det sanselege og dei indre prosessane som fungerer, nemleg ved at desse smitter liv til kvarandre. Dei klare bileta av menneske som gjer ting, husa, gater og natur, gjer at ein får innsyn i poeten si verd. Her er gjenkjenning og språklege aha-opplevingar. «Eit tun er sett saman av hundre stadar./Kvar stad hender som glimt.»

Mange av desse dikta ser ikkje ut til å ha andre mål enn å oppretta vakre språkelege bilete. Det gjer dei. Men dei er samstundes med i ein samanheng og får større meining ut frå denne. Det er sjølvsagt svært krevjande å vilja så lite. Dikta må vera ekstremt gode for å tola å stå åleine på ei side. Og det er nok ikkje alle sidene her som gjev frå seg så mykje. Det hender at det som ikkje vert sagt gjer dikta utydelege eller søkt gåtefulle. Ting vert sagt på ein unødvendig poetisert måte og tildekkar informasjonen. Av og til verkar hendingane konstruerte. Men ein kan òg sjå positive gjenklangar av Haugens «Anne» i denne boka.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer