TYRKIA-VALG: Rødt-medlem Erling Folkvord kommenterer pressens stilling i Tyrkia etter valget. Foto: Sveinung U. Ystad / Dagbladet
TYRKIA-VALG: Rødt-medlem Erling Folkvord kommenterer pressens stilling i Tyrkia etter valget. Foto: Sveinung U. Ystad / DagbladetVis mer

Pressas vilkår etter valet i Tyrkia

Uavhengige aviser og tv-kanalar i Tyrkia treng støtte frå norske journalistar og redaktørar.

Meninger

Valet på søndag ga Tyrkia eit nytt parlament. Valkampen var prega av hundretals åtak på kontora til Det demokratiske folkepartiet (HDP) og arrestasjonar av ordførarar og andre HDP-politikarar. Aller verst var terroraksjonen mot ein fredsdemonstrasjon i Ankara. Meir enn hundre av partiet sine tilhengarar mista livet.

Fleire aksjonar både frå politi og sivile har vori retta mot Hurriyet, ei av dei største avisene i Tyrkia. Avisa omtalar seg sjølv som liberal-konservativ og har eit bilete av Atatürk øvst på førstesida.

Ei gruppe på meir enn 100 demonstrantar kasta 6. september stein og øydela glasrutene i hovudredaksjonen.

Parlamentsmedlem Abdurrahim Boynukalin frå regjeringspartiet AKP heldt ein kort tale til steinkastarane. Han lova at partiet skal endre det parlamentariske systemet til ei ordning med presidentstyre «utan omsyn til valresultatet 1. november.» Han har seinare sagt at steinkastinga oppheva det han kalla avisa sin immunitet.

Sjefredaktør Sedat Ergin i Hurriyet vil ikkje bøye seg korkje for steinkasting eller politiaksjonar. «Vi vil halde fram med uavhengig journalistikk,» sa han til tyrkiske CNN.

Avisa Zaman er kjend for å få tak i opplysningar frå aller innerst i statsapparatet. I veka før valet skreiv denne avisa at ei velorientert kjelde varsla at politiet vil slå kraftig til mot uavhengige media rett etter valet.

Uavhengige aviser og tv-kanalar i Tyrkia treng støtte frå norske journalistar og redaktørar.

Kanskje bør statsminister Erna Solberg og kulturminister Thorhild Widvey og vise om dei har ei meining? Tyrkia er nest største allierte i Nato.