Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

Debatt

Pride er ikkje skadeleg for born!

Vi blir jo utsatt for leddkledde kvinner i det offentlege rom kvar dag.

PLASS TIL ALLE: For min del kunne det vore Pride heile året, skriv artikkelforfattaren. Bildet er fra paraden i Oslo sist laurdag. Foto: NTB Scanpix
PLASS TIL ALLE: For min del kunne det vore Pride heile året, skriv artikkelforfattaren. Bildet er fra paraden i Oslo sist laurdag. Foto: NTB Scanpix Vis mer
Meninger

Laurdag var det Oslo Pride-parade, og tusenvis feira kjærleiken. Men samstundes kjem kritiske røyster som meiner Pride viser ei seksualisering som er usunn for born. Eg har tenkt mykje på dette.

AKTIV KRISTEN: Therese Utgård.
AKTIV KRISTEN: Therese Utgård. Vis mer

Eg skjøner at menn som dansar frå lasteplan, nokre som viser meir hud, andre som kanskje spelar på sex - at det kan vere uvand. Men usunt for born? Nei.

Pride er kanskje heller ein god, og påfallande «gender flip». Gender flip er å ta ein situasjon og byte ut kvinner med menn (og omvendt), for å sjå kor tåpelig noko er.

For vi blir jo utsatt for leddkledde kvinner i det offentlege rom kvar dag! Reklamer og tv-serier som viser seksualisering av jenter langt ned i tenåra, gjerne med eit uoppnåeleg kroppsideal, er så vanleg at vi knapt léer eit augebryn.

Likevel gjer dette noko med oss. Unge jenter er i stor grad misnøgde med kroppen sin. Mange får psykiske problem, jenter i barneskulen driv med slanking. Og mange jenter og kvinner føler dei må følge idealet dei blir bombardert med: tilgjengelige, pene og helst stille og føyelege.

Og guttane? Dei som alltid må vere barske og sterke? Alltid bør dei vere pågåande, helst ha «gjort det» tidleg i tenåra. Ikkje bør dei gråte eller vise svakheit, berre interessere seg for fart og spenning. Eller trur du gutar som driv med hester, som likar å passe born, har sans for mote - trur du dei får gjere det utan å bli mobba, utan å bli kalla «homo»?

Jo, i paraden ser ein sikkert andre kjønnsuttrykk og kjønnsidentitetar enn ellers. Heldigvis!

Dette kan vere eit godt utgangspunkt for ein samtale med borna. Om kjønnsroller. Og om vi alle MÅ innordne oss éitt av to kjønn. Mange, både kvinner og menn, slit på grunn av gammaldagse kjønnsnormer. Mange skeive lid under mytar om korleis eit parforhold må vere. Og mange trans lid, fordi samfunnet har fordommar, og tviheld på at ein må vere anten vere mann eller kvinne.

Dette er veldig skadeleg. Det er forskning som viser at det faktisk er direkte helsefarleg! Utagering og eventuell seksualisering under Pride, er eg ikkje så redd for.

Om ikkje anna, så vil dette utfordre normene og tankegangen vår. Slik at vi ikkje utan vidare godtek den stadige, dårlege seksualiseringa og dei tronge kjønnsrollene vi blir forsøkt skvisa inn i. For dét er usunt, det!

For min del kunne det vore Pride heile året!

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media
Kode24 - nettavis om utvikling og koding Elbil24.no -  nyheter om elbil KK.no - Mote, interiør, og tips Sol.no - De viktigste nyheter fra nettsider i Norge Vi.no - Quiz, kryssord og nyttig informasjon Dinside.no - teknologi, økonomi og tester Se og Hør - Kjendis og underholdning Lommelegen.no - helse, symptomer og behandling