Private punkt

«Dei gode uttrykka vert tappa for energi av det som kjem etter.»

BOK: Med positiv forventning opnar ein ei ny bok av Helge Rykkja. Denne har då også eit tiltalande omslag med lyse hustak som ser ut som dei ligg ved Middelhavet, over eit blått felt. Rykkja har med sin leikande alvorleg/naive stil planta setningar i min lesarhjerne som eg aldri gløymer. Og i den vesle prologen står det: «Å vera rakrygga er vanskeleg, eg tar treningsstudio til hjelp og held meg til eit lite parti på venstresida. Mindre vanskeleg blir det ikkje dersom du skal vera snill,...»

Det finst fine uttrykk og viltre sprang vidare utover i boka, men den fragmentariske stilen hans er veldig iaugefallande og skapar meir uro enn spenning, meir avsporing enn uventa oppdagingar. Mange av opplysningane er av så privat karakter at dei ikkje får tak i meg som lesar. Rykkja skriv om folkelege kvardagar, med detaljar om sjukdommar, reiser, krigen i Kosovo. Han vil oppretta ein balanse mellom dei små og dei store tinga, vise korleis dei glir over i kvarandre i våre kvardagar.

SAMTIDIG MED OSS

(Bombe ein hovudstad)

Du græt og snakkar

med vennen din i Beograd som

ville ha innreise og komme til oss,

men blei nekta visum

Eigentleg hadde eg vond

tann som legen kutta ei rot av

Same kvelden elska vi

som om det var første gongen

(...)

Ja, det finst nokre stadar der ein får seg ein støyt språk her, eller eit «hardingfeletrykk over skallen». Men for det meste manglar denne boka noko vesentleg. Eg veit ikkje kva det heiter. I staden for å lada språket, vert dei gode uttrykka her tappa for spenning av det som står før og det som kjem etter. Det snik seg inn ei kjensle av likesæle som skuffar meg meir enn eg hadde venta. Det har ikkje å gjera med at dikta skulle ha oppfylt ei forventning. Men at dei på ein overtydande måte skulle vist meg kva eg ikkje hadde venta meg.