SVART-KVITT: - Sterri tyr til klisjeane og teiknar eit svart-kvitt bilete av religionar og kven dei religiøse er, meiner artikkelforfatteren. Foto: Privat
SVART-KVITT: - Sterri tyr til klisjeane og teiknar eit svart-kvitt bilete av religionar og kven dei religiøse er, meiner artikkelforfatteren. Foto: PrivatVis mer

Progressive ateistar forfektar eit rasjonelt konstruert draumesamfunn

Stereotype haldningar finst hjå alle. Også hjå Aksel Braanen Sterri.

Meninger

«Religion er en parasitt på den verste delen av menneskehjernen», skriv Aksel Braanen Sterri i Dagbladet 23. mars. Religion er som gift, held han fram, og difor må vi slutte å gje han så stor plass i livet vårt.

Sterri har bestemt seg. Han likar korkje religion eller religiøse, frelse eller frelsarar. Her er inga undring og spørsmål undervegs om religion som fenomen, kva det i røynda er, eller korleis religionen verkar i samfunnet. Tonen hjå Sterri er nedlatande og liknar tonen hjå dei skråsikre og rettruande fanatikarane han paradoksalt nok ynskjer å ta avstand frå. Kvifor lèt Sterri det ateistiske sinnet sitt skygge for ein meiningsfull debatt om eit viktig tema?

Sterri tyr til klisjeane og teiknar eit svart-kvitt bilete av religionar og kven dei religiøse er. Kanskje er det fordi han kjenner så få av dei? Men religionane og dei religiøse er ikkje slik dei ein gong var: Det finst ein flora av trusretningar, her er semje og usemje, konservative og liberale tolkingar. Religionane tek ulike former alt etter kvar dei blir utøvde, i eit spenn mellom religion og regime, mellom folkeleg opprør, frigjering og undertrykking. Kyrkja har vore gjennom store endringar og reformer. Kanskje går ikkje prosessane fort nok, men dei skjer. Heile tida.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mennesket er samansett. Eit sekulært og eit religiøst liv står ikkje alltid i motsetnad til kvarandre: Religiøse menneske er det dei sjølve ynskjer å vere, i tillegg til alt anna vi ikkje rår over. Vi trur på Gud, og vi trur på vitskapen. Vi ynskjer å høyre til ein religiøs fellesskap, og vi ynskjer å vere individuelle, gå vår eigen veg.

Sterri skriv at religionen er ein trussel mot ein fornuftig samtale om moralske spørsmål. Er kristendomen sin respekt for menneskeverd og kjærleik uinteressante og uvesentlege bidrag i den offentlege samtalen? Samfunnet består av ulike verdihierarki, og kvart av dei kan gli ut i det autoritære. Nokre av dei verste overgrepa i nyare tid har òg vore motivert av ikkje-religiøse ideologiar, til dømes kommunismen og nazismen. Korleis plasserer du ein ateistisk moral over den religiøse, Sterri?

Religionen har ein «hang til å dele inn verden i oss og dem», skriv Sterri. Verda er eit sorteringssamfunn, men kategoriseringar er ikkje ei religiøs oppfinning, det er ein høgst menneskeleg eigenskap, eit slags hjelpemiddel for å gripe verda. Det betyr ikkje at vi ikkje skal gjere vårt for å fjerne eller redusere destruktive og fordomsfulle skilje.

Eit grunnleggande forhold ved alle demokrati er retten til å tru og meine det vi vil. Samfunna utviklar seg best når meiningsmangfaldet får blomstre fritt - både det vi er komfortable med, det som bind oss saman og tankane og ideane vi ikkje likar. Vi skal ikkje ta religion og dei religiøse førestellingane vekk frå menneska, men i staden gje han motstand og diskutere korleis vi skal plassere han innanfor rammene av ein sekulær stat.

Progressive ateistar forfektar eit rasjonelt konstruert draumesamfunn med nedlatande, fiendtlege og svart-kvite læresetningar om rett og gale. Det er eit gamaldags og lite inviterande utgangspunkt for å forstå og løfte verda nokre steg framover.