MEIR SPRÅK, IKKJE MINDRE: Språkprofessor Finn-Erik Vinje. Foto: Sondre Steen Holvik / Dagbladet
MEIR SPRÅK, IKKJE MINDRE: Språkprofessor Finn-Erik Vinje. Foto: Sondre Steen Holvik / DagbladetVis mer

Prosentar eller folk, Vinje?

Så ein må revurdere professorstanden i norsk språk.

Debattinnlegg

Når ein språkleg autoritet som Finn-Erik Vinje ikkje forstår at nynorsk og bokmål har forskjellige føresetnader i samfunnet i dag, må ein revurdere professorstanden i norsk språk. Vinje skriv 20. mai lausleg om fire forskjellige tema der konklusjonen openbart skal bli: «Nynorskfolket øydela for Thorbjørn Egner og dei okkuperer Språkrådet». Kor kjem denne frykta for nynorskfolk og Språkrådet frå? Som nynorskmann skal eg først roe Vinje ned. Eg er ikkje ute etter noka nynorsk overtaking av Språkrådet. Og Språkrådet er ikkje ute etter å ta knekken på noko som helst anna enn brot på ein av dei mest grunnleggjande rettane i dagens samfunn: retten til språk. Både mitt språk, og Vinje sitt.

Viss det er slik at Vinje meiner arbeidet i Språkrådet er skeivt, trur eg det handlar om lita forståing av språkstoda i Noreg i dag. Vinje og Riksmålsforbundet seier dei representerer «90 prosent av befolkinga i Noreg». Skulle dette stemme er vi komne til kjerna av utfordringane Språkrådet står ovanfor. Nynorsk står kvantitativt svakare enn bokmål. Dei siste vekene har vi lese i studentavisa Universitas at eksamensoppgåver ved Universitetet i Oslo er fulle av feil. Det er morfologiske feil i 67 % av eksamenane ved Det medisinske fakultetet, trass i at universitetet bruker 400 000 kroner i året på eit omsettingsbyrå.

Dei fleste brot på Mållova skjer i nynorsk retning. Det finst bokmål over alt. Derfor må Språkrådet bruke meir tid på synleggjering av nynorsk. Riksmålsforbundet kallar dette for «urimelige forsøk på å styrke nynorskens posisjon på bekostning av den andre målformen». Språkrådet har ei større oppgåve med å styrkje nynorsken enn med bokmålet, men ikkje fordi det er nynorskbrukarar som styrer. Det er fordi nynorsk, i motsetnad til bokmål, blir skrive negativt om av professorar i avisspaltene i norske aviser.

Eg vil at den gjengen med unge folk i Språkrådet Vinje skriv om skal jobbe for meir språk. Ikkje mindre.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook