Prøvestein for det liberale Noreg

I DEBATTEN OM

ytringsfridom i Dagbladet støyter ein liberal tenkjemåte mot ein meir paternalistisk tenkjemåte om politikk. Justisdepartementet og Odd Einar Dørums stortingsmelding «Om endring av Grunnloven § 100», som grunngjev eit førebels stortingsfleirtals haldning, må seiast å representere ei meir paternalistisk haldning til politikk. Dørum vurderer verdien av ytringsfridom relativt til dei samfunnsprosessane som utgjer grunngjevingane for ytringsfridom. Men i tillegg til at ytringsfridomen tener samfunnet, bør den også vurderast som ein sjølvstendig fridomsverdi.

Eit førebels fleirtal på Stortinget vil at også det særleg viktige vernet av politiske ytringar må vegast mot grunngjevingane for ytringsfridom. Ytringsfridomskommisjonen og mindretalet i konstitusjonskomiteen (Ap og Frp) vil derimot ha eit vilkårslaust vern av retten folk bør ha til å kommentere styringa av landet. Ytringsfridomskommisjonens forslag byggjer i det store og heile på ein liberal tankegang. Kommisjonsleiaren, Francis Sejersted, peika nyleg på det oppsiktsvekkjande i at Høgre og Venstre i fleirtalsinnstillinga (i lag med SV og KrF) bryt med den tradisjonelle liberale konstitusjonalismen (Dagbladet 2.7.). Dessutan er vurderingane av individuell fridom og av det sivile samfunnet illustrative.

JOHN STUART MILL

har formulert det liberale kjerneprinsippet om at du bør vere fri til å gjere alt det som ikkje skadar andre. Det meir liberale forslaget vil såleis, i motsetnad til det paternalistiske, i prinsippet tillate fleire ytringar som ikkje truar andre eller avgrensar fridomen til andre, inkludert blasfemiske ytringar. Med unnatak av for film retta mot barn, opnar det liberale forslaget ikkje for førehandssensur, all den tid det strir mot «det liberale grunnprinsipp om frihet under ansvar», som kommisjonen skriv. Det paternalistiske forslaget vernar derimot berre trykksaker mot førehandssensur. Skiljet i dei to forslaga reflekterer ulik tiltru til det sivile samfunnet. Det kjennemerkar nettopp den liberale at ho har stor tiltru til den offentlege samtalen som sjølvregulerande mekanisme i det sivile samfunnet.

FRANCIS SEJERSTED

konkluderte nyleg med at fleirtalsinnstillinga i konstitusjonskomiteen på nokre felt vil gje verre kår for ytringsfridomen enn det den nesten 200 år gamle paragrafen vi har i dag gjev.

Han har rett. Gode liberalarar i alle parti bør stille sine respektive partigrupper på Stortinget til veggs før denne prøvesteinen for det liberale Noreg kjem opp til debatt i Stortinget 30. september.