KONGEN AV STORYTELLING: Det vaksne og det barnslege er heile tida tydeleg i Slick Ricks generelt kontrastfylte stil — kort sagt: vakse innhald, barnsleg form. Foto: Scanpix ´
KONGEN AV STORYTELLING: Det vaksne og det barnslege er heile tida tydeleg i Slick Ricks generelt kontrastfylte stil — kort sagt: vakse innhald, barnsleg form. Foto: Scanpix ´Vis mer

Pysjamas og pistolar

Kom nærmare, onkel Ricky har noko å fortelje deg — om barndommen din.

Gode raptekstar er fulle av historier. I nokre tekstar er det historier i kvart rim. Men historiene har òg sin heilt eigen undersjanger i rapmusikken. I såkalla «storytelling» finn me tekstane som fortel éi lang historie med ein start, eit midtparti og ein slutt. Kongen av storytelling i hip-hop er Slick Rick.

Richard Martin Lloyd Walters har jamaicansk-engelske foreldre, og er fødd i London i 1965. Då Rick var 11 år, flytta familien til The Bronx, New York. Grunna ei ulykke i barndommen, er han blind på høgre auge. Dei to mest kjende og gjenkjennelege delane av imaget hans, lappen for auget og den britiske aksenten, er altså ekte. Resten er det vanskelegare å verte klok på.

Slick Rick aka Ricky D aka Rick The Ruler fekk fyrst merksemd på midten av åttitalet då han rappa i lag med Doug E. Fresh, og hadde ein hit med «La Di Da Di». I 1988 gav han ut debutalbumet, og meisterverket, «The Great Adventures of Slick Rick». Platas største hit, «Children's story», er ei enkel historie: To unge menn finn ut at dei skal begynne å rane folk. Den eine av dei to vert overivrig, og ranar ein undercover politimann. Etter ein lang flukt som involverer biljakt og gisseltaking, vert guten fanga og skoten av politiet. Moralen er enkelt og greitt at det er ein god idé å halde seg på den smale sti.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Låten er ikkje berre ei historie, han er òg ei historie om historieforteljing, om korleis det er for ungar å få eit innblikk inn i vaksenverda. Det begynner med ein dialog mellom to ungar og Slick Rick. Ungane vil at Uncle Ricky fortel ei godnatthistorie. Rick fortel historia; den går på rim over 58 takter, og er utan refreng. Etter historia er slutt, snakkar ungane om kor merkeleg Uncle Ricky er.

BURSDAG: Frå Slick Ricks bursdagsfest i 2013. Foto: SCANPIX
BURSDAG: Frå Slick Ricks bursdagsfest i 2013. Foto: SCANPIX Vis mer

Dette møtet mellom verda til barnet og verda til den vaksne, synest å vere eit slags hovudtema i Slick Ricks univers. I «Children's story» er det ungane som får ei vaksenhistorie på sengekanten, mens me vaksne lyttarar får eit innblikk i korleis det er å vere unge, iallfall om det er onkel Rick som les godnatthistorie. Det vaksne og det barnslege er òg heile tida tydeleg i Slick Ricks generelt kontrastfylte stil — kort sagt: vakse innhald, barnsleg form. Han er ein sjofel fyr, Slick Rick, og nokre av historiene kan lett oppfattast som kvinnefiendtlege, sjølv etter dagens standard. Men dei er fortalde i den milde tonen til ein distingvert og høfleg britisk herremann. Rick snakkar meir amerikansk til dagleg, men som rappar hentar han fram sin eigen barndoms dialekt. Han høyrest ut som ein hyggeleg barnehageonkel i eit litt sært tv-program.

På same tid er Rick ungen som sit på golvet framfor fjernsynet ein søndagsmorgon, og lærer alt han høyrer utanåt. Låtane er fulle av populærkulturelle referansar; han legg inn barneregler, og han bryt plutseleg ut i song, falskt og fint. Rick har òg den barnslege gleda over rollespel intakt, og gjer ofte om stemma si for å levere replikkar i historiene. Som i «Children's story», der han i tillegg til å vere forteljaren, spelar fem andre stemmer i løpet av låten.

Slick Rick er veltalande og velartikulert, han strør rundt seg med eufemismar, og han bannar svært sjeldan. Slik presenterer han ein skiten junkie: «Dave the dope fiend shootin' dope / Who don't know the meaning of water nor soap». Det er Dr. Seuss on skid row.

Sjølv om Rick har ei behageleg og roande stemme, har han vore ute mange vinternetter før, og der er nokre nifse sider ved han som heile tida boblar under overflata. Me høyrer kor han smiler mens han rappar, og me veit ikkje heilt kvar me har han. Som når han på låten «The Ruler's back» fortel kva han synest om rapparar som stel stilen hans: «Some sound alright, but then they act illy / Try conquering my crown and that's really very silly». Veldig tøysete, indeed.

Ironisk nok mista Rick sjølv den smale stien etter debutplata, vart rota inn i eit aldri så lite drapsforsøk, og måtte sitje nokre år i fengsel. Etter det vart karrieren aldri den same, men musikken, spesielt debutalbumet, står sterkt i hip-hop-kanonen, og seinare viktige historieforteljarar som Snoop Dogg, Devin the Dude, Nas og Eminem har mykje å takke Slick Rick for.

Kontrasten mellom det vaksne og det barnslege er òg til stades i beatsa, ofte laga av Rick sjølv: Enkle og harde trommeprogrammeringar med billege synthlydar som spelar simple, til tider enormt naive melodiar. Nokre av låtane kunne ligge på ei barneplate, og det ville ikkje høyrest feil ut. Endeleg kan me kort slå fast at Slick Rick liknar ein teikneseriefigur.

Lengten mot det uskuldige og dragninga mot det syndige ser ut til å vere gjennomgåande rørsler hos Slick Rick, alltid skildra på pedagogisk vis av denne drapsforsøksdømde barnehageonkelen — som kanskje mest av alt berre saknar sin eigen barndom.

Slick Rick er ein effektiv
og elegant forteljar, og opninga av verset på «Children's story» er av svært høg klasse: «Once upon a time not long ago / When people wore pajamas and lived life slow / When laws were stern and justice stood / And people were behavin' like they ought to, good». Dette er sjølvsagt ein klisjé, og eit slikt utsegn om at alt var betre før, ville vore like sant i 2015 som i 1988, eller i 1950. Og ettersom folk stadig brukte pysj i 1988, er det vel ikkje gamle dagar han snakkar om, ikkje eigentleg. Han snakkar om barndommen som tilstand og plass, uansett kva epoke den måtte ligge i. Lat meg ta deg med tilbake til barndommen, den gongen du brukte pysjamas, og alt var mykje enklare, også historiene om det gode og det vonde.

PS. «Children's story» er ein
av dei mest sampla og siterte låtane i hip-hophistoria. Låten har til og med vorte utsett for ein del coverversjonar, nokre mindre heldige, andre endå mindre heldige. Den beste versjonen er dansk, og levert av den eksentriske Marvelous Mosell, eit interessant fenomen i nyare dansk rap. Mosell er sterkt inspirert av Slick Rick og andre rapparar frå åttitalet, og dei fleste av Mosells låtar er lange forteljingar rappa over gamle discoplater. Derfor finn du ikkje musikken hans på Spotify. På YouTube, derimot, er dei heimelaga musikkvideoane hans ein stor suksess. Sist han spelte i København, selde han ut 1500 billettar på førehand. Høyr hans versjon av «Children's story» her, og når du er i gang, sjekk denne, denne og ikkje minst denne.