Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Radikale protestantar mot Høybråten

THOMAS HYLLAND

Eriksen (THE) har oppfordra moderate protestantar om å melde seg i ordskiftet om ny barnehagelov. Dersom moderat inneber å nedtone eigen religiøs identitet, er eg i tvil om eg kvalifiserer til nemninga, så eg melder meg i staden som radikal protestant. Kva dette inneber, skal eg kome attende til.

Filosofen John Rawls skiljer mellom «tjukke» og «tynne» grunngjevingar i verdispørsmål. «Tjukk» grunngjevingar gjeld heile verdisystem, medan «tynne» grunngjevingar kan skape samband mellom verdisett. Dagfinn Høybråten vel tjukk strategi i barnehagespørsmålet.

Han ønskjer ei statleg (re)kristianisering av det norske samfunnet. Eg støttar THE i at dette er urovekkjande, fordi mannen sit med formell makt. Høybråten er prega av verknadshistoria til Gisle Johnson (1822 - 1894) sin religiøse modernisme. Johnson såg det som kyrkja si oppgåve å levere moral til staten. Arenaer for moralsk oppseding - t.d. skulen - må overlatast til kyrkja. Johnson ser Gudsriket som politisk mål og moralsk utopi. Ikkje berre dei «kristne» verdiane, men i siste instans dei «tjukke» grunngjevingane, skal via statleg moralsk formynderskap implementerast i folket.

Eit kristent utgangspunkt kan også leie til «tynne» strategiar, t.d. ein moderat kristendom light - eit harmlaust minste felles multiplum som ikkje skal såre eller støyte, men som samstundes reproduserer ei toromstenkjing der det handlar om at «vi kristne» skal lytte til «dei andre», t.d. HEF-general Lars Gule. Han godtek Lucia-feiring i barnehagen dersom det ikkje blir så «veldig» religiøst (intervju i Vårt Land 30.11). Difor må «vi kristne» nedtone desse aspekta. Dette forutset eit skarpt skilje mellom religiøse og ikkje-religiøse tradisjonar og symbol. Kyrkja trur at juleevangeliet forkynner at Gud blei menneske - inkarnasjonen. Ulike symbol peikar på denne trua. Kyrkja eig likevel ikkje symbola og tradisjonane! Ritene og symbola har komplekse røter, og opnar for tolkingsmangfald.

Difor kan symbol og riter samle, hevdar THE sin danske fagfelle Cecilie Rubow: Religion kan, like lite som nasjonale/etniske identitetar og politiske ideologiar, ikkje halde saman verda som sosial verkelegheit. Mangearta samband mellom menneske med ulike kvardagsfilosofiske- og teologiske forståingar av riter og symbol - ikkje som system, men på einskildspunkt - skaper fellesskap. Overser vi dette, reproduserer vi ein enten - eller-diskurs: Umyndiggjerande kristendom som identifiserer religion og moral versus religionsfiendtleg livssynshumanisme.

RADIKAL PROTESTANTISME

inneber eit tredje alternativ: Tru på eit radikalt evangelium som ser menneske som myndiggjorte subjekt. Evangeliet om rettferdiggjering ved tru aleine lar moralen stå på eigne bein. Ikkje fordi det neglisjerer moral, men fordi einskildsmenneske og komplekse mellommenneskelege samband blir gjeve ein sjølvstendig og sjølvsagt moralsk status i høve til heilskapelege livssynssystem. Lovframlegget si samankopling av «kristne verdiar» og «oppseding» er difor problematisk av årsaker som ligg i trua sjølv. Radikale protestantar ser sjølvsagt verda med trua sine auge og er difor ikkje moderate.

Men ei radikal protestantisk tilnærming opnar for å kunne ha ulike tankar i hovudet samstundes. Fokus blir såleis flytta frå «oss» kontra «dei andre», til arenaer der menneske møtest og at vi faktisk møtest. Ein politikk påverka av Jesus må ha som oppgåve å myndiggjere, ikkje formynde menneske. Ei slik myndiggjering er alt anna enn harmlaus. Eg trur også THE er samd med meg at myndiggjorte menneske ikkje er tøv.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media