Radiodikt

Gode dikt med tilbakeblikk, men for mange lettvinte poengdikt.

BOK: Øystein Hauge har fått det sjeldne oppdraget å koma til Japan og lesa haiku på nynorsk for japanarane. Og han spreiar elles dikt med flaskepost og slo eit slag for poesien midt i valkampen i haust. Med andre ord ein kar som vekkjer vår sympati. Han har halde skrivekurs i haikudikting og gitt ut diktsamlingar, anekdotar og antologiar.

Kvifor den nye boka heiter «Radiodikt» er litt gåtefullt for meg, og det er vel meininga, men her er dikt som peikar bakover, mot ei radiotid, mot ei fortid:

greina og kirsebærblomen i greina og

songen sukiyaki frå ein transistorradio

under greina og det er kvelden før

nokon legg ut på ei lang reise

Her spelar også sjølve dikta på ei diktform som me kjenner att frå nokre tiår attende. Det er godt skrive, og det minner til dømes om Paal-Helge Haugen seint på 1960 talet, som igjen har lært av dei same kjeldene som Hauge; den austlege poesien frå Japan og Kina, slik også kirsebærblomen og songen sukiyaki talar klart om her.

Øystein Hauge har ofte ein lett og leiken haldning til poesien. Noko som kan gje uttelling i at han formulerer seg på ein måte som bryt med meir alvorstyngde poetars produkt. Men han kan også få litt for stor tru på at ordspel og leik med ulike plan av ord vert originalt og interessant for andre.

Det hender at tekstane hans har eit preg av slike ordspel som ordkunnige menneske sender fram og tilbake i taxien heim frå ein fest på morgonkvisten. Morosame, men best gløymde dagen etterpå. Desse kan vanskeleg forsvara ein plass i bok. Denne boka er betre enn den førre, sansa dikt, nokre lettvinte på minussida, nokre leikne på godsida og her er ein del klartsansa dikt som står seg gjennom fleire lesningar som det gjennomført vakre diktet «Fisk og sykkel».