DEBATT

Rasisme overalt. Ond og ødeleggende

«Det finst ikkje systematisk rasisme i Noreg», rapporterer Per-Willy Amundsen frå sin snevre, kvite andedam. Å, jau, då. Det finst. Overalt.

DEMONSTRASJON: Demonstrasjonen "We can't breathe - rettferdighet for George Floyd" i forbindelse med George Floyds dødsfall, arrangeres utenfor Stortinget i Oslo fredag 5. juni.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
DEMONSTRASJON: Demonstrasjonen "We can't breathe - rettferdighet for George Floyd" i forbindelse med George Floyds dødsfall, arrangeres utenfor Stortinget i Oslo fredag 5. juni. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Erna-yndling Per-Willy Amundsen, ein av mange FrP-arar ho utnemnde til justisminister i regjeringa si, skreiv på Facebook at tusenvis av demonstrantar i Noreg roper ut mot ein rasisme som ikkje finst. Han meiner at alt prat om systematisk rasisme er venstreekstrem propaganda.

Amundsen, kvit mann som pushar femti, har sikkert aldri følt rasisme på kroppen, men at ein som nokon meinte var kvalifisert til å vere justisminister, veit så lite om kva som foregår i Noreg og er fullstendig ute av stand til å setje seg inn i kva andre opplever, er mildt sagt oppsiktsvekkjande.

Ein annan av Siv Jensen sine kvite gutar, Jon Helgheim, han som stadig hamnar på kant med forskarar fordi han synest resultatet dei kjem fram til er feil, meiner og at rasismen i Noreg er «oppskrytt». Her om dagen tvitra han følgjande: «At vi har laget et rasistisk system for å undertrykke folk med en annen hudfarge, er en helsprø konspirasjonsteori, sannsynligvis funnet på av et universitet.» Då han blei spurt om han hadde ei kjelde å vise til, svarte han: «Jeg er kilden».

Det er truleg raskare å nemne kven i FrP som ikkje har vore kritiske til demonstrasjonane, spesielt dei i Noreg, enn dei som har vore det. Siv Jensen var på tv moralsk forarga over at folk kunne ta så lett på smittevernsreglane at dei samlast i tusenvis i gatene. Dette kan eg vere samd med henne i, men det klør grassat i hykleri-genet mitt når ho og andre i Frp med eitt er så opptatt av korona-avstand. Har ho gløymt at ho og fleire partifellar før påske kritiserte regjeringa for altfor strenge hyttereglar? Har ho gløymt at fleire i partiet har ivra for å opne opp landet att tidlegare enn planlagt?

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer