Raudlista på skrivebordet

Norsk kulturarv har det best gjennom aktiv bruk. Då trengst konkrete tiltak: utdanning og økonomiske insitament - ikkje berre lister.

YNSKJER HANDLING:  «Får du ikkje bestemt deg for kva verkemiddel du skal ta i bruk, Tajik?», spør artikkelforfatterne. Foto: Jacques Hvistendahl / Dagbladet
YNSKJER HANDLING: «Får du ikkje bestemt deg for kva verkemiddel du skal ta i bruk, Tajik?», spør artikkelforfatterne. Foto: Jacques Hvistendahl / DagbladetVis mer
Debattinnlegg

Statsråd Hadia Tajik vil sikre norske tradisjonar og lanserer raudlister for truga kulturytringar. Men kva må eigentleg til for å halde liv i kulturarven? Nyleg vart Kulturløftet 3 lagt fram. Sårbare kulturytringar skal vernast og sikrast gjennom ei såkalla raudliste. Kulturarven er ikkje lenger like sjølvsagt. Få veit korleis ein reparerer gamalt gyldenlær, eller korleis ein byggjer hardingfeler og langeleikar, eller korleis bunaden skal saumast. Kunnskapen om dei små og verneverdige handverksfaga er svak. Dessutan kostar han for mykje, meiner nokon. Bunaden er jo trass alt billegare i Kina.

Framlegget om raudlister er ikkje nytt. Unesco-konvensjonen om immateriell kulturarv vart ratifisert i Stortinget i 2007. Konvensjonen forpliktar deltakarlanda til mellom anna å gje den immaterielle kulturen ein brei plass gjennom konkrete tiltak, som å føre lister over sårbare kulturuttrykk. I Noreg er det Norsk kulturråd som har fått i oppdrag å utforme strategiar og tiltak i arbeidet med den immaterielle kulturarven. Føresetnadane for å hamne på dei internasjonale listene er at landa sjølve listefører og anerkjenner sine eigne kulturytringar. Enno har ikkje Kulturrådet kome opp med korkje strategiar eller tiltak. Eller, det vil seie: For eit halvt år sidan fekk rådet melding om å avlyse listeføringa. Får du ikkje bestemt deg for kva verkemiddel du skal ta i bruk, Tajik? Statsråden har sikkert gode intensjonar. Lista tek seg utvilsamt godt ut på skrivebordet til Tajik. Finst det andre verkemiddel som betre sikrar norsk kulturarv?

Dei norske handverkstradisjonane treng konkrete tiltak som kan vidareutvikle og ivareta kulturarven. Eit slikt konkret tiltak er gode og fleksible utdanningsløp tilpassa det einskilde faget og miljøet - i Noreg, eller i samarbeid med institusjonar og smale miljø i til dømes nabolanda. Kanskje finst det allereie gode miljø å byggje vidare på? Utdanningsløpa kan ein organisere etter fleire modellar: vidaregåande opplæring, bachelor- og mastergrad, stipendiatstillingar, vaksenopplæringstiltak eller private tilbod i samarbeid med museum eller organisasjonar. Å etablere eit utdanningsløp tek tid. Enno vantar eit hardingfelemakarstudium i landet. Ole Bull Akademiet på Voss har i fleire år prøvd å stable på beina eit tilbod utan å lykkast. I dag finst det fire hardingfelemakarar i landet. Kor lenge tek vi sjansen på å utsetje utdanningane?

Utdanning og kunnskapsbygging motiverer. Det same gjer økonomiske insitament. I 2013 får det friviljuge kulturlivet nærmare ein milliard kroner i momsretur frå staten. Bør denne ordninga også femne dei som driv med truga kulturytringar? Økonomiske gulrøter er avgjerande for at utøvarane innan smale handverkstradisjonar skal finne motivasjon og halde fram. Ei utviding av momskompensasjonsordninga til også å gjelde dei små og verneverdige handverksfaga vil vera eit konkret og positivt tiltak i så måte. Norsk kulturarv har det best gjennom aktiv bruk. Då trengst konkrete tiltak: utdanning og økonomiske insitament - ikkje berre lister.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.