STATSMINISTER: Erna Solberg på kontoret.  Foto: Anita Arntzen / Dagbladet
STATSMINISTER: Erna Solberg på kontoret. Foto: Anita Arntzen / DagbladetVis mer

Raus, rund og romslig

Byen er Bergen og laget er bånn

Kommentar

DENNE VEKA er Erna Solbergs rødvinsdrikkande, festglade og utagerande ungdomstid med falsk leg bretta ut av Renate Nedregård. Det er vanskelig å drikka henne under bordet, men ho har ikkje noe alkoholproblem, heiter det i boka: «Hun er bare veldig god til å drikke». Dette er ikkje ubekrefta rykte, for biografien er ikkje meir uautorisert enn at både mor, søster og gode venner har bidratt ivrig med fortellingar og fotodokumentasjon. Og Erna er ikkje utan samtykkekompetanse.

DÅ DAGBLADETS Magasinet i fjor sommar bretta ut bilda av Ernas sokkekledde mann, ufikse framtoning og sjuskete heim i Bergen, ville PR-folka hennar først ha det til at ho var blitt lurt. Andre trudde bilda var arrangerte og manipulerte. Men dei velkledde damene i ormebolet Bergen Høire visste betre. Dei slo fast at bilda måtte vera retusjerte og pussa på, for sannheta om Ernas husorden er mye verre. Naboar måtte venna seg til at det flaut av søppel utanfor døra hennar i stortingsleiligheta. Men sidan kom Julie Brodtkorp Voldberg med pudderkvasten inn i bildet og gjennomførte oppsjaininga frå mislykka millionar til menneske.

DET MEST pirrande i biografien er den gambiske kjærasten Ousman. Den har Aftenpostens kommentator, Inger Anne Olsen med eigne erfaringar, tatt heilt ut. Ho tenker seg innhaldet i meldingar og brev Erna kan ha fått frå folkedjupet gjennom åra, også før nett-trolla overtok offentligheta. «Jævla negerfittehore. Har du ikke fått neger- og muslimpikk på en stund nå?» Denslags ville vel heller ikkje ha gjort inntrykk på Erna, men prella av. For den dama er tjukkhuda, toler mange trøkkar og har eit ubegripelig pågangsmot.

Artikkelen fortsetter under annonsen

BYEN ER BERGEN og laget er bånn. Med den oppskrytte, svenske gjestearbeidaren Rikard Norling i rolla som hærføraren Karl XII. Branns dyrt innkjøpte frelsar, Marcus Pedersen (24), ladar opp til lagnadskampen mot Sogndal søndag: «Du vet at det kommer til å bli en krig; jeg føler at det er en hatkamp. Nå er det bare å glede seg som en unge.»

Stao No Pao, seier eg. Det er heiasongen til Sogndal, skriven av lokalavisredaktør Jan Inge Fardal og framført av fløterøysta Olav Stedje. Og så sender eg ein solidarisk tanke til Ervin Kohn, nestleiar i Antirasistisk senter og forstandar i Det Mosaiske Trossamfund i Oslo. Det må vera ein styrelse, for akkurat i skrivande stund får eg denne mailen frå han: «Beklager for ulemper, jeg er i London, UK. Jeg er her i en uke og jeg hadde bare vesken min stjålet på buss-stasjonen. Den inneholder alle mine vitale elementer, telefon, penger og pass. Jeg har vært prøver å sortere ut ting, jeg trenger litt hjelp fra deg. å låne meg 1800 Pounds å sortere meg ut av denne knipen, og summen vil være betales tilbake så snart jeg kommer tilbake fra Polen.» Men det er ikkje derfor eg helsar tilbake. Det er fordi Ervin Kohn i Heiasvingen av temmelig uransakelige grunnar er ein svoren Sogndal-supportar og har verdas einaste kippa med Sogndals merke brodert inn..