Raust frå Ruste

Arne Ruste er i godt slag, med rause, varme og tilgjengelege dikt.

Etter den stramt kompo nerte og gjennomførte «Indre krets» (1999) er Arne Ruste tilbake som den me ein gong vart kjende med gjennom diktsamlingar som «Dronninga kommer» (1978) og «Grenseepisoder» (1981).

Hundar og bilar

Sjenerøst strør han om seg med varme, solidariske tekstar som famnar hundar og bilar. Kjærleiksdikt til Nissan Sunny Invitation er ikkje dagleg kost! Ein sterk og uimotståeleg syklus, «Huskelapper, i tilfelle», tek opp dødens tema på ein svært konkret måte, og i dårleg skjult sublimering av eit allment ønskje om at våre partnarar bør tenkja litt på kor glade dei kan vera som framleis har oss i live!

«Hate-døden-diktet» kjennest også som ein direkte peikar mot eit umedvite fellesgods. Hatet mot døden som «inkluderer min elskede / i sitt hemmelige arkiv, og som / fra fødselsøyeblikket gjør barn / og sorg til synonymer».

Levde klangar

Dei lange og rause dikta, der Arne Ruste lar sin naturlege straum av ord få koma til sin rett, er tyngdepunktet i boka, både kvantitativt og kvalitetsmessig. Det gjer godt å lesa desse tekstane med gjennomlevde klangar. Boka har dessverre ein syklus kortare og svakare dikt framme og ein som avslutning. Det må seiast hardt og kontant at eit par av dei ordspelande dikta på slutten er dramatisk under bokas nivå.

Musikk oppstår

Elles er det berre å la seg riva med i ei rekkje dikt med geografisk nedslagspunkt som gjev oss møter med kvinner som lengtar i Dragør, ein flytur der du er «spent fast til en slank, langfibret / muskel som skyver fra og løfter deg», høyonn i Heras tempel på Samos, sanselege slentringar i klassiske kulturlandskap der Odysseus, «tom som en gud fyker videre på havet plent som / ingenting».

Ruste handsamar språket slik at det oppstår musikk og landskap, og han utnyttar eit godt blikk for nyansar i registreringa av kjenslerørsler. Samstundes er teksten imponerande enkel og liketil å lesa.

<B>NATURLEG:</B> Arne Ruste handsamar språket, slik at det oppstår musikk og landskap, meiner vår meldar.