Regimentsblanding i Dagbladet

DAGBLADET har 26.mai eit stort oppslag om KrFs partiformann og statsråd Dagfinn Høybråten sitt val av medarbeidarar frå eit spesielt kristent miljø. I artikkelen vert også underteikna trekt inn som sanningsvitne om å åtvara mot slike kyrkjelydar. Til dette må eg få merka følgjande: Det er rett at eg kommenterte skarpt det usaklege angrepet på luthersk dåpslære som nemnde bok gav uttrykk for. Eg reagerte ekstra fordi det var mynta på kommunikasjon med ungdom. Seinare er angrepet beklaga, og saka ute av verda. Det som er ekstra alvorleg i Dagbladet sitt oppslag, er den prinsipielle blandinga av åndeleg og verdsleg regimente for å bruka eit luthersk uttrykk. Eg skal ikkje her kommentera mi vurdering av Høybråten sine personval, det er hans val. Men det å angripa han og unge politiske medarbeidarar for deira kyrkjetilknyting er prinsipielt heilt uakseptabelt og usakleg. Eg lurer på om Dagbladet ser konsekvensane av sine vurderingar? Eg vurderer til og med Dagbladet ut frå det som står på trykk, og ikkje ut frå kva livssynsmessige og kulturelle samanheng redaktør og journalistar tilhøyrer personleg! Eg håpar at mange nå tek opp denne problemstillinga. Både media sjølv, heile det politiske miljøet og andre samfunnsaktørarbør gå høgt på banen i ei sak som dette. Dagbladet sine forsøk bør skarpt avvissast på prinsipielt grunnlag! At ei avis som rosar seg av frisinn fører ein så usakleg og intolerant profil kan ein meir enn undra seg over!