Regjeringa vel diktat framfor dialog

POLITISTREIK: Justisminister Knut Storberget og Politiets Fellesforbund har ikkje hatt dei same prioriteringane dei siste dagane. Justisministeren påpeikte seinast i går i Dagbladet enda ein gong at han har teke store grep for å auka tal tilsette i politiet. Her skal me nøya oss me å påpeika at Politiets Fellesforbund ikkje er samd med ministeren i framstillinga av kva for effekt dei ulike grepa vil ha og ikkje minst kor fort dei vil ha effekt.

Sjølv har me den siste tida vore meir opptekne av at Regjeringa bryt ein avtale med hovudsamanslutningane i arbeidslivet ved å trumfa igjennom ved lov at kvilebestemmelsane i arbeidsmiljølova ikkje skal gjelda for politiet. Arbeidsministeren brukte ti minutt til å orientera hovudorganisasjonane sist måndag. Eit slik diktat er eit oppsiktsvekkande og markant brot med den norske modellen.

Arbeidsmiljølova har blant anna reglar om arbeidstid og kviletid. Lova gir arbeidstakarar eit vern som skal sikra forsvarleg kviletid mellom arbeidsøktene. For politiet er det i dag inngått ein eigen avtale under hovudtariffavtalen i staten som blant anna opnar for kortare kviletid i politiet. Avtalen skal evaluerast før den vert reforhandla. Frist for ein eventuell ny avtale er 1. juli 2009. Det er difor oppsiktsvekkande at regjeringa slår til med ein diktat no. Dette er milevis frå den forhandlingsmodellen me har i Noreg. Her er rolla som arbeidsgivar og forhandlingspart kjapt konvertert til styresmakt og lovgivar. Dialog er ubehagelig, diktat er meir effektivt, meiner tydelegvis regjeringa. Diktat er eit teikn på svakheit.

At regjeringa i denne saka har valt diktat, er skandaløst for ei regjering som skryt av at noko av det første den gjorde etter at den overtok var å reversera angrep på Arbeidsmiljølova frå den førre regjeringa. Regjeringa pressar ein lov (forskrift) ned over hovudet på ei stor gruppe arbeidstakarar fordi den fryktar at partane ikkje vert einige avtalevegen. Det er eit inngrep i forhandlingsretten, det er direkte avtalebrot og undergraving av avtalesystemet. Siste gongen regjeringa braut ein inngått avtale var i sjukelønsaka. Og endeleg, vil regjeringa stoppa ved denne saka? Vil regjeringa etter dette klare å stå i mot alle dei arbeidsgivarane i offentleg og privat sektor som vil hevda at dei har de same «behova» for unntak frå Arbeidsmiljølova? Kva for grupper av arbeidstakarar vert dei neste?