FÆRRE VEKER: Etter fleire år med vekst i talet på dagar fedrane tar ut i permisjon, ser vi no ein reduksjon. Samstundes tek mødrene meir av permisjonstida, skriv kronikkforfattar. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB Scanpix

FÆRRE VEKER: Etter fleire år med vekst i talet på dagar fedrane tar ut i permisjon, ser vi no ein reduksjon. Samstundes tek mødrene meir av permisjonstida, skriv kronikkforfattar. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB Scanpix

Vis mer

Regjeringas likestillingsillusjon

Tiltak som full barnehagedekning og pappaperm verkar. Det gjer ikkje politikarar som trur likestilling kjem av seg sjølv.

Meninger

I kort tid føre ferien har regjeringa fått på bordet eit forslag om å dele oppgåvene til Likestillings- og diskrimineringsombodet. Om dette er eit nytt forsøk på å forenkle og forbetre, er eg redd det i staden vil forvirre brukarane og føre til at arbeidet med likestilling vil forvitre.

Solveig Horne har ikkje hatt det lett som barne- og likestillingsminister. Det meste ho har foreslått og lagt fram av meldingar, har vorte kritisert frå likestillingshald. Og Unio har heller ikkje gått stille i dørene. Likestilling, både i arbeidslivet og i familiane, har alltid vore viktig for oss som hovudorganisasjon. Det er plikta vår å seie frå når vi meiner at likestillingsarbeidet går i feil retning.

Barne- og likestillingsminister Solveig Horne og regjeringa har bestilt ein rapport frå PwC der mandatet har vore å sjå på høvet for å splitte oppgåvene som Likestillings- og diskrimineringsombodet i dag har ansvaret for. Regjeringa vil vurdere å skilje pådrivar- og handhevarrolla. Det tyder, litt forenkla, at Likestillings- og diskrimineringsombodet skal ha ansvaret for å jobbe mot diskriminering og kome med forslag til tiltak som skal hindre at dette skjer.

Regjeringa er i ferd med å uthole likestillingsarbeidet i Noreg reint lovmessig, skriv Ragnhild Lied.
Regjeringa er i ferd med å uthole likestillingsarbeidet i Noreg reint lovmessig, skriv Ragnhild Lied. Vis mer

Samtidig skal det setjast ned ei nemnd som skal sjå til at lovane blir overhaldne. Unio har, saman med LO, YS og Akademikerne, sendt eit brev til statsråden der vi har peika på faren for at ei slik organisering vil svekkje diskrimineringsvernet. Vi meiner at det ved å skilje pådrivar- og handhevarrolla kan bli vanskelegare for brukarane å orientera seg inn til rett instans.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tanken må sjåast i samanheng med den føreslegne nye diskrimineringsloven. Regjeringa ynskjer å fjerne dagens likestillingslov og heller slå den saman med tre andre diskrimineringslovar. Også her er Unio kritisk og meiner, som til dømes også arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter, at eit felles lovverk vil verke øydeleggjande for likestillinga mellom kvinner og menn.

Eitt av argumenta som blir brukt for ein felles lov, er eit ynskje om å samle lovreguleringane som skal verna mot diskriminering. Men sjølv om det er likskap på tvers av ulike diskrimineringsgrunnlag, er det også viktige skilnader. Dette blir reflektert mellom anna i FN-konvensjonane som fokuserer på rettar til ulike grupper: Ein konvensjon om rasediskriminering, ein om kvinnediskriminering, ein om rettar til personar med nedsett funksjonsevne og ein om rettane til barn.

Desse to døma viser at regjeringa er i ferd med å uthole likestillingsarbeidet i Noreg reint lovmessig. Frå før har regjeringa lagt fram både ei likestillingsmelding og ei familiemelding som manglar tiltak for betre likestilling i familie- og arbeidsliv.

Då regjeringa la fram likestillingsmeldinga i oktober i fjor, karakteriserte dåverande leier i Unio den på følgjande måte:

«Likestillingsminister Solveig Horne kalla det ein historisk dag då ho som Frp-statsråd la fram likestillingsmeldinga. Den er då også historisk tiltakslaus.»

Meldinga skildrar dagens situasjon for likestillinga og peikar på fleire uløyste område – som ulikelønna, den kjønnsdelte arbeidsmarknaden og tradisjonelle yrkesval. Men meldinga er så å seie fri for tiltak som kan løyse utfordringane.

Den same skildringa fekk også familiemeldinga som Solveig Horne la fram nyleg. Meldinga blei ikkje ei melding om den breie familiepolitikken slik familiane hadde fortent. Igjen har regjeringa levert ei melding med mykje tekst som skildrar problem vi kjenner igjen. Men kvar er løysingane? Kvardagsutfordringar familiar flest har, er gløymt. Meldinga har ingen tiltak for å gi familiane meir fleksibilitet, ingen løysingar på tidsklemma, og ikkje noko som bidrar til meir likestilling i heimen.

I dei fleste samanhengar der Unio har kommentert regjeringa si likestillingspolitikk, har vi peika på at kuttet til regjeringa i pappapermen er eitt av dei grepa som har gjort at vi har tatt to skritt tilbake. Auka fedrekvote har vist gode resultat for likestillinga i familie- og arbeidsliv. Men Horne valde likevel å kutte den frå 14 til 10 veker i 2014. Dette har fått negative konsekvensar. Etter fleire år med vekst i talet på dagar fedrane tar ut, ser vi no ein reduksjon. Dette viser tal frå Statistisk sentralbyrå som blei lagt fram i juni. Samstundes tek mødrene meir av permisjonstida.

Det er ein illusjon å tru at likestilling kjem av seg sjølv. Fedre har enno utfordringar med å grunngje ein lengre permisjon enn den dei ta – særleg overfor arbeidsgjevarane. Horne argumenterer for kutta ved å meina at kvart enkelt foreldrepar finn fram til ei god løysing for familien sin. Det er typisk denne regjeringa å individualisere likestillinga. Då kjem vi ikkje vidare. Ulikskapane er strukturelle og kan ikkje løysast på individnivå.

Heldigvis ser KrF og Venstre at det går feil veg, og KrF vil ha pappapermen tilbake dit han var under den raudgrøne regjeringa. Dette kom fram på pressekonferansen til partiet før sommarferien. Landsmøtet i Venstre samla seg tidlegare i vår om å dele foreldrepermisjonen i tre, med 15 veker til kvar av foreldra og 16 veker til fri fordeling. Så det er eit håp for at framtidige barn igjen skal kunna sjå meir til fedrane i det første leveåret.

Likestillingsutfordringane handlar ikkje om eit fragmentert lovverk, men om manglande gjennomføring. Tiltak – som full barnehagedekning og pappaperm – verkar. Det gjer ikkje politikarar som trur likestillinga kjem av seg sjølv.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook