DEBATT

Utrykningspolitiet

Regjeringas neste raseringsobjekt?

Eg trur regjeringa og Politidirektorat ser for seg at UP-patruljane er lågthengjande frukter som kan plukkast for å fordele utover politidistrikta.

REDDAR LIV: Det er usannsynleg at politidistrikta vil klare å oppretthalde det same fokuset på trafikksikkerheit dersom politimeistrane får full styring med ressursane som no finst i UP, skriv innsendaren. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Scanpix
REDDAR LIV: Det er usannsynleg at politidistrikta vil klare å oppretthalde det same fokuset på trafikksikkerheit dersom politimeistrane får full styring med ressursane som no finst i UP, skriv innsendaren. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Det er all grunn til bekymring når regjeringa seier dei vil vurdere framtida til Utrykningspolitiet, UP. Dei over 140 patruljane til UP er det mest effektive middelet vi har mot skadeleg høg fart i trafikken, og bidreg sterkt til at Noreg er best i verda på trafikksikkerheit. UP reddar rett og slett mange liv.

Statssekretær Sættem i Justisdepartementet sa på NRK Kveldsnytt 23. juli at «dei har lyst til å sjå på» om ressursane til særorganet UP kan fordelast på politidistrikta. Problemet er at denne regjeringa stadig har veldig lyst til å omorganisere, heilt uavhengig av kva risikoen ved omorganiseringa kan vera.

Kvifor skulle regjeringa ønskje å fjerne UP? Eg trur både regjeringa og Politidirektoratet ser for seg at UP-patruljane er lågthengjande frukter som kan plukkast for å fordele utover politidistrikta. Det vil betre statistikken over andelen med operativt politi der. Men dei låge dødstala i Noreg er eit resultat av målretta innsats for trafikksikkerheit. UP er spydspissen med dei over 140 patruljane som er spreidde over heile landet.

Vi har svært låge dødstall i trafikken per million innbyggjar i Noreg. Dette kjem av godt arbeid med trafikksikkerheit over tid. Det store trykket og systematikken er det UP som står for.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer