Reise mot utsletting

Science fiction-katastrofe i syngjande verselinjer.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: Ein kveld seint på sommaren i 1953 sat den naturvitskapleg interesserte forfattaren Harry Martinson som så ofte før framfor teleskopet sitt. Men denne kvelden fanga han inn noko som kom til å verta kimen til eit litterært verk som etter kvart skulle føra til at han fekk Nobelprisen. Han såg Andromedatåka. Det var nett på denne tida at vitskapen forstod at dette var ein galakse, slik som Mjølkevegen, og det at den skulle vera 1,5 millionar lysår borte frå jorda (det tenkte ein seg den gongen), gjorde eit djupt inntrykk på Martinson.

Ny tone

I dei følgjande vekene låg han på sofaen og dikterte dikt til kona si. Det vart 29 songar om Doris og Mima. Songar med ein heilt spesiell tone og eit heilt anna innhald enn dei dikta ein kunne finna i dei tidlegare samlingane hans, «Nomad» (1931) og «Passad» (1945). Sjølv om reiser alltid hadde vore eit tema hjå vagabonden og sjømannen, var det ein heilt annan type reise som nå steig fram i forfattarskapen. Desse songane kom først med i diktsamlinga «Cikada», men vart altså etter kvart kimen til det store diktverket «Aniara» på heile 103 dikt som låg på bokhandlardisken den 12. oktober i 1956. Altså for femti år sidan.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer