Nedbør: «Regnbya i Oslo den 26. juni sprengte fullstendig tidlegare rekordar», skriver artikkelforfatteren. Foto: Vegard Grøtt / NTB Scanpix
Nedbør: «Regnbya i Oslo den 26. juni sprengte fullstendig tidlegare rekordar», skriver artikkelforfatteren. Foto: Vegard Grøtt / NTB ScanpixVis mer

Rekordane står for fall

Det er kun eit tidsspørsmål før me vil oppleva neste regnrekord.

Meninger

Den voldsame regnbya i Oslo den 26. juni sprengte fullstendig tidlegare rekordar. Måndag og natt til tysdag denne veka styrtregna det igjen. Det er kun eit tidsspørsmål før me vil oppleva neste regnrekord.

Eg utfordrar deg til å bli med i ein gjettekonkurranse. Når vil me få ein ny nedbørsrekord i Oslo? Om du kjem nærast riktig tidspunkt skal du få ein sydvest med autografen til din favorittmeteorolog frå MET.

Dersom du var i hovudstaden torsdag 26. juni, fekk du sikkert med deg dei mange lynnedslaga og dei sterke haglbyene. Kanskje prøvde du med meir eller mindre hell å køyra gjennom ei av dei oversvømte gatene? Eg håpar du også hadde med deg paraplyen måndag 7. juli.

Meteorologane på vakt lurte på om det var noko gale med måleinstrumenta då observasjonane av dei kraftige regnmengdene tikka inn for nedbørsdøgeret 26. juni. Dei gamle rekordane for både timesnedbør og døgnnedbør blei banka ned i støvlane.

På 60 samanhangande minutt vart det målt 46,1 mm med regn ved målestasjonen vår på Blindern. I våre fotball-VM-dagar kan det jo nemnast at denne intensiteten utgjer ein halv million liter vatn på eit areal tilsvarande ein fotballbane, og på berre ein time.

I løpet av heile nedbørsdøgeret for torsdagen kom det 72,8 mm med regn. Sjølv om Oslo-rekorden ligg eit stykke frå landsrekorden på 229,6 mm som vart målt ved Indre Matre i Sunnhordland i 1940, er dette store mengder å takla for ein tettbygd by.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rekordveret i Oslo førte til flaum, lekkasjar, stengte butikkar og vanskelege kjøreforhold. Skader for millionar. Styrtregnet måndag og natt til tysdag denne veka ramma Lillehammer hardast. Kva for konsekvensar får me når enno større mengder bøttar ned?

Då Bergen slo sin gamle nedbørsrekord i 2005, førte dei ekstreme regnmengdene til ras og flaum over store delar av Vestlandet. Den største konsekvensen opplevde dei som budde på Hatlestad terrasse, der eit stort ras førte til at tre personar vart drepne, sju vart skada og mange fleire vart fordrivne frå heimane sine og mista alt dei eigde.

Kor lang tid har me til å førebu oss på nye regnrekordar, med dei eventuelle konsekvensar dei kan føra til?

Dei gamle regnrekordane for Oslo stod seg ei stund. Fram til førre veke hadde det aldri vore målt meir regn på 60 samanhangande minutt enn det som vart målt i 1980. Den gamle døgnrekorden var frå 1989. Vil det gå 25 år eller meir til neste rekord?

Eg veit ikkje det nøyaktige svaret - enno. Klimaforskarar kan ikkje berekna korleis veret vil bli på ein enkelt dag i framtida. Men me kan berekna korleis klimaet, altså gjennomsnittsveret berekna over ein lengre periode, vil endra seg i framtida.

Derfor tør eg påstå at det er svært sannsynleg at nedbørsrekordane for Blindern i Oslo vil bli slått innan relativt kort tid. Ja, ikkje berre i Oslo, men rundt om i heile landet. Det er fleire grunnar til at eg er overtydd om dette.

Meteorologisk institutt samlar dagleg inn observasjonar frå fleire hundre målestasjonar rundt om i heile landet. Desse viser at Norge får over 20 prosent meir nedbør no enn for 100 år sidan.

Når det gjeld ekstreme regnmengder på kort tid, har desse auka i intensitet dei siste femti åra over heile landet. Moderate til kraftige nedbørshendingar skjer også oftare no enn dei gjorde for femti år sidan. Dette viser eit nyleg avslutta prosjekt - InfraRisk - som har fokusert spesielt på effekten ekstreme verhendingar har på infrastrukturen i Norge.

Auken i regnhendingar har også ført til fleire ras- og flaumsituasjonar med påfølgjande store skadar på både bygningar og vegar/jernbane.

Eksempel på dette for dei siste åra er «Pinseflaumen» i 2011, flaumen i Sør-Trøndelag i 2011, nedbørsmengdene i Vestfold og Nedre Buskerud under «Frida» i 2012, og dagane med flaum og skred i beltet frå det nordlege Austlandet til Trøndelag i 2013, der særleg Gudbrandsdalen vart hardt ramma.

Klimamodellane viser også dei same trendane fram til 2100 som ein ser i observasjonar frå 1957 og fram til i dag. Modellane bereknar ei auke både i intensitet og hyppigheit, det vil seia både meir regn over korte tidsrom og oftare ekstreme regnhendingar.

Tendensen med meir ekstremnedbør gjeld heile landet. Den største auken er venta i område der det er våtast til vanleg, som på Vestlandet og kysten av Nord-Norge. På det meste viser klimaframskrivingane ei auke i årleg maksimum døgnnedbør på mellom ~40 og ~80 mm frå perioden 1961-1990 til 2071-2099 (infrarisk.ngi.no).

At det blir meir regn i Norge heng saman med at temperaturen på jorda gradvis stig, hovudsakleg på grunn av CO2-utsleppa våre. Luft som er varmare kan ta opp og halda på meir fukt frå havet, og dette fell ned som meir nedbør.

At det også er ein samanheng mellom intens nedbør og den globale middeltemperaturen har nyleg blitt påvist statistisk ved å analysera store mengder måledata frå heile verda (Benestad, R. E. (2013), J. Geophys. Res. Atmos), noko blant anna Aftenposten har skrive om.

Det er derfor ingen tvil om at me går mot meir ekstreme tider. Me veit ikkje akkurat når neste rekord vil finna stad, men sannsynet for at nye nedbørsrekordar oftare vil finna stad over heile landet aukar dess meir CO2 me slepp ut i lufta.

Kanskje aukar du vinnarsjansane dine i gjettekonkurransen ved å foreslå eit tidleg tidspunkt for neste regnrekord i Oslo. Og eg håpar at byen og resten av landet er førebudd på konsekvensane av ei framtidig ekstremnedbørshending, uansett når og kvar ho skjer.

Men om me også jobbar for å hindra denne auken i ekstreme regnhendingar, vil premien me vinn vera verd uendeleg mykje meir.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook