Religionspolitikk i Norge

Av og til kan det vere nyttig å utsetje seg for kritiske blikk utanfrå. Midt under den oppheita religionsdebatten dei siste vekene publiserte Europarådet sin kommisjon mot rasisme og intoleranse sin 2008-rapport om Norge. Her blir norske styresmakter oppmoda til å følgje nøye med på utviklinga av islamofobi i det norske samfunnet og til raskt å treffe tiltak mot denne. Underteksten er sjølvsagt at styresmaktene ikkje ser ut til å ta problemet alvorleg nok. I rapporten blir styresmaktene også oppmuntra til å samarbeide med dei muslimske samfunna i Norge for å finne gode løysingar på saker som opptar dei.

Danmark har ved fleire høve blitt kritisert av Europarådet for dårleg minoritetspolitikk og for ikkje å ha tatt den aukande islamofobien på alvor. No finn altså kommisjonen det nødvendig å rope varsko også for Norge sin del.

Har Norge ein religionspolitikk? Sett utanfrå må svaret bli både nei og ja. Nei, fordi Norge synest å mangle både ein gjennomtenkt minoritetspolitikk og ein stødig politikk mot framandfrykt. Ja, fordi Norge samtidig har vist ein litt for stor iver etter å markere at kristendommen framleis er den dominerande tradisjonen i det norske samfunnet. For også på det sistnemnde punktet har Norge dei siste åra måtta tåle kritikk utanfrå, nærare bestemt mot KRL-faget og skulen sin kristne formålsparagraf.. Det er kritikken frå FNs menneskerettskomité og Den europeiske menneskerettsdomstolen som er grunnen til at KRL-faget no har fått det meir nøytrale namnet RLE (Religion, livssyn og etikk), at kristendommen i ikkje er fullt så dominerande i den nye læreplanen, og at den kristne formålsparagrafen no omsider er erstatta med litt meir inkluderande formuleringar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men framleis seier formålsparagrafen at «Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon». Tilsvarande har stortingspartia, i sitt forlik om statskyrkjespørsmålet, blitt samde om at det i ein ny grunnlovsparagraf skal stå: «Verdigrunnlaget forbliver vaar kristne og humanistiske arv. »

Sett utanfrå vil mange måtte konkludere: Ja, Norge har ein religionspolitikk. Den er sterkt prega av den norske fleirtalsreligionen, men i ein språkbruk som speglar eit forsøksvis kompromiss mellom kristne og humanetiske interesser.

I dei to sistnemnde sakene, om skulens formålsparagraf og statskyrkjespørsmålet, har regjeringa ikkje mangla handlekraft. Kompromissa i begge sakene vart framforhandla i hurtigtogsfart av Trond Giske, i eit lukka rom der politikarane la til side det forslaget til ny formålsparagraf som Bostad-utvalet hadde skapt livssynsmessig konsensus om, til fordel for formuleringar som i større grad privilegerer den kristne tradisjonen.

I saker der dei religiøse minoritetane sine interesser står på spel, er det derimot heilt uklart kva den sitjande regjeringa står for. Like utydeleg er det kva som skal vere dei overordna prinsippa for norsk religionspolitikk. På nokre få veker presterte regjeringa i rask rekkefølgje å gjere spektakulær retrett i tre religionspolitiske saker. Etter retretten i blasfemilovsaka vart forslaget om å tillate skaut til politiuniforma brått avlyst då det møtte motstand frå ein uventa sterk allianse av sekulære og islamkritiske krefter. Etter kraftig protest frå dei kristne barne- og ungdomsorganisasjonane omgjorde regjeringa også vedtaket om å ta frå Frelsesarmeens Barn og Unge statstøtta, fordi dei ikkje tillet sambuande homofile å få dei høgste leiarverva. Religionsfridommen står i fare, ropte dei kristne organisasjonane – og fekk gjennomslag for det.

Verken spørsmålet om religiøse klesplagg i politiet eller vilkåra for statleg støtte, er lette og opplagte saker. Men ser ein dei to sakene i samsyn, er det eit nokså tvilsamt mønster som avteiknar seg: Regjeringa nektar muslimske kvinner å bruke sin religionsfridom til å tene staten med hijab men lar samtidig kristne organisasjonar få definere sin religionsfridom akkurat som dei vil utan at det får konsekvensar for statsstøtta.

Har Norge ein religionspolitikk? Vi er gode på økonomi og Norge har eit unikt og ganske rettferdig system for fordeling av kommunal og statleg støtte til trussamfunna. Men når konfliktsaker oppstår, synest det styrande omsynet i religionspolitikken å vere at ein ikkje skal utfordre kristne majoritetsinteresser eller sekulære krefter. Kven som i så fall blir skadelidande, er lett å rekne ut.

Kombinasjonen av å forsvare ein lett sekularisert kristendomstradisjon og samtidig neglisjere religiøse minoritetsrettar, er det elles lang tradisjon for i det dominerande regjeringspartiet. På 1990-talet skreiv Gudmund Hernes først inn i skulens læreplan at «den kristne tro og tradisjon … forener oss som folk på tvers av trosretninger. » To år etter avslo han den første søknaden om å få etablere ein muslimsk privatskule, før AP fekk stortingsfleirtalet med på å gjere det kristendomsdominerte KRL-faget obligatorisk.

I dagens regjering brytast det gamle mønsteret av majoritetsforsvar og minoritetsskepsis mot ein nølande vilje til å tenkje meir prinsipielt om menneskerettar og religionsfridom. Men vaklinga skaper eit religionspolitisk tomrom som høgrepopulismen snart har greidd å fylle til randen med framandfrykt og islamofobi.

Det vi treng, slik også andre har foreslått det, er eit breitt samansett utval som kan formulere nokre stødige grunnprinsipp for norsk religionspolitikk. Dette er nokre av dei store spørsmåla som ropar på så vel prinsipielle som konkrete svar:

Skal kristne, eventuelt sekulære majoritetsinteresser har forkøyrsrett i offentlege institusjonar, eller skal dei religiøse minoritetane sine interesser ha like stor vekt?

Skal offentlege institusjonar vere religionsfrie (noko dei langt frå er i dag), eller skal dei spegle det faktiske mangfaldet i samfunnet?

Korleis kan staten kome individa sine interesser i møte, utan å måtte bøye seg for alt det som trussamfunna til ei kvar tid definerer som religiøse plikter?

Korleis bør balansen vere mellom den doble menneskerettslege forpliktinga staten har til å respektere religionsfridommen men samtidig å verne kvinner og homofile mot diskriminering i organisasjonslivet?

Mange fleire spørsmål kunne vore nemnde. Men religionspolitikk handlar ikkje berre om korleis ein kan balansere individuelle og gruppevise rettar, eller majoritets- og minoritetsinteresser. Den mest presserande religionspolitiske oppgåva akkurat no er at styresmaktene følgjer Europarådet sine oppmodingar og aktivt konfronterer den frittflytande hetsen mot den muslimske minoriteten.