PILOTFRUE: Julianne Nygård er utdanna journalist, men fekk vedvarande tilbakemeldingar om at ho hadde «for få» vinklingar på saken sine. Ho tok hintet og har no den stigande bloggen «Pilotfrue».
PILOTFRUE: Julianne Nygård er utdanna journalist, men fekk vedvarande tilbakemeldingar om at ho hadde «for få» vinklingar på saken sine. Ho tok hintet og har no den stigande bloggen «Pilotfrue».Vis mer

Rett til himmels

Dei som ikkje forstår korleis vaksne menneske kan bli hekta på bloggar må følgje med på Pilotfrue akkurat no.

MIN FEED: Mitt namn er Anne Gunn Halvorsen, og eg er avhengig å lese bloggar. Ikkje bloggar om teknologi, nyhende eller politikk. Men om ukjente menneske, gjerne kvinner og kvardagen deira. Det må vere om kvardagen, vert det for mykje dyrevern og regnskogfond mister eg interessa. Det er frukosten deira eg vil ha, eg vil sjå at dei les avisa til lunsj, eg vil ha ei oppdatering i taxien til det hemmelige møtet, eg vil ha dei vage teikna til ein krangel med kjærasten om ettermiddagen og lese at det er vanskelig å vite kva ein skal blogge om når kvelden kjem.

MIN FEED: Kvar torsdag skriv Anne Gunn Halvorsen i Dagbladet om livet på internett
MIN FEED: Kvar torsdag skriv Anne Gunn Halvorsen i Dagbladet om livet på internett Vis mer

Lenge ynskja eg å ha ei interesse som var litt meir nyttig enn å overvake framande på nettet. Eg ynskja eg kunne skru på bil eller strikke klompelompekofter. No, etter ti år med blogglesing er eg glad for at eg har dyrka denne interessa. All denne unyttige kunnskapen har vist seg å vere verdfull i sosiale samanhengar.

Eg har noko å snakke med folk om. Me er nemleg mange som les. Eg veit, for dei kjem til meg, alle som ikkje møter aksept andre stader. Eg er uhorveleg glad for at perifere venner føler dei har ei trygg hamn og kan sende meg melding om det nye huset til Mammaentilmichelle midt på natta. Samstundes vert eg trist over at me her i Norge framleis har arbeidsmiljø der det ikkje er sosialt akseptert å snakke om Nelia i lunsjen.

For mens kvardagsbloggarane sjølve, med Sophie Elise Isachsen i spissen, har fått si rettsmessige oppreising og vert sett på som reelle aktørar i medieøkonomien er det verre med oss brukarar. Det er framleis mange som ikkje respekterer oss, og viktigast, dei forstår oss ikkje. Det må me gjere noko med. Difor har eg ei øving til alle som vil bli hekta, eller iallfall forstå litt meir.

Dei neste tre vekene skal du kvar dag besøke bloggen til Julianne Nygård. Ho er ei 26 år gammal kvinne frå Fredrikstad som hadde eggløysing på måndag. Ho bloggar under namnet Pilotfrue, og allereie her er det lett å falle av. Dette frue-ordet er så gammaldags. Alle kjenner jo Caroline Berg Eriksen (CBE) som årevis etter ho sjølv slutta å bruke frue-navnet er best kjent som toppbloggaren Fotballfrue. Drevne leserar veit derimot kva «frue» eigentleg betyr. Frue betyr at her kjem forteljinga om kvardag. Det er då det blir interessant.

Då eg starta å følgje CBE var det fordi det var nedteljing til bryllaupet. Eg måtte følgje med for å sjå om det gjekk bra. Det gjorde det naturligvis, og etterpå skjedde det som gjerne skjer med menneskerasen. Redebygging, reproduksjon, skokolleksjon. Og no venter me alle på at barn nummer to skal melde sin ankomst på sjukehuset i Telemark, ho er jo allereie gått lenger i svangerskapet enn med førstemann så eg trur det kan skje når som helst!

Trikset for å bli avhengig er først og fremst å følgje med, difor må du besøke Pilotfrue to–tre gonger kvar dag. Når du føler du kjenner hunden, mannen og frua startar du nemleg å bry deg. Det er jo slik med all fiksjon, du må skape relasjon til karakterane. Men i motsetnad til såpe- og realityserier er her korkje script eller manus. Alt kan skje.

Og det var akkurat det eg tenkte då Julianne Nygård kasta p-pillebrettet på det indiske hav under bryllaupsreisa, no kan alt skje. Det fyrste som skjedde var at kommentarfeltet reagerte skarpt på at fiskane i Thailand no ville bli hormonforstyrra. Då dette hadde lagt seg starta spenninga. Kom ho til å bli gravid? Julianne delte, og deler framleis om prøveperioden. Og det i detalj, den førre menstruasjonen varte berre fire dagar. Så annleis det var no, skriv ho og får 82 svar frå lesarane.

Ho seier ho deler fordi ho vil fortelje om alt som ikkje går perfekt. Det er nok også motivasjon i at publikum ser ut til å elske det. Ho er forbløffa over responsen, og seier publikumet har vist seg å vere vaksnare enn ho trudde. Dessutan gir ho blaffen i om nokon skulle gjere narr av det,«det gjer dei jo uansett kva eg skriv». Det er tøft gjort å dele, for ei lita påminning er på sin plass. Dette er ikkje fiksjon, det er røynda. Alt kan skje, og på måndag var det eggløysing. To veker til testing. Fekk du ikkje lite grann lyst til å følgje med no? Eg følgjer iallfall Julianne, herfrå til pensjonsalderen.