STEINAR LEM
, Framtiden i våre hender, meiner forbrukarar i vest har for mykje handlefridom, bokstavleg tala, -i følgje Lem skjer det eit overforbruk i nord (Dagbladet 17. mars). Han kritiserer samstundes forfattaren Noreena Hertz når ho i ei ny bok slår til lyd for at sør må få betre tilgong til industriproduksjon retta mot verdsmarknaden.
Lem peikar med rette på feilaktige forenklingar i globaliseringsdebatten. Like fullt meiner eg det er to veikskapar i argumenta hans. For det første fokuserer han for mykje på individas private forbruk i staden for på dei institusjonane som regulerer handel og forbruk. For det andre synest han å undervurdere kva rettferd inneber. Å kritisere korleis vestlege forbrukarar bruker handlefridomen vert fort moralisme i staden for politikk. Politikk handlar om korleis lover og reguleringar, institusjonane, bør verke og faktisk verkar. Kamp for både miljø og for meir global rettferd dreier seg ikkje om å få naboen til å handle mindre eller køyre mindre bil. Den dreier seg om å etablere lover og reglar som hindrar at varer produserte på ein illegitim eller for forureinande måte, vert del av butikkhyllene.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger