Røff død

Claes Andersson oppsummerar.

Alt i diktet av Eeva-Liisa Manner som innleiar denne boka, vert me presentert for «den siste resan, som redan har börjat».

Dette er gjennomgangstema i dei nye dikta til Andersson, som me jo kjenner som eit kraftsentrum i finsk kulturliv: poet frå bohemkrinsen kring Kihlman og Saarikoski, psykiater, jazzpianist og til og med kulturminister ein periode.

Kritisk

Men for oss nordmenn opplagt mest kjent som lyrikar. Denne nye boka startar med at han vakna i ellevte høgda i eit sjukehus, hjarteoperert etter å ha vore døden nær. Ei kvinne gav han eit kyss av ein bomullsdott fukta i vatn, og han «fick en helt obetydelig erektion».

Krafta er altså noko redusert, og det gjev seg nok også utslag i at nokre av prosastykka i denne boka er meir pratsame og manglar det ekstra grepet som løfter tekstar frå livsoppsummerande erkjenning til kunst og poesi. Men også i desse finst det openheit og glimt i auga: «Jag älskar dig. Om det finns någon evighet (vilket jag betvivlar) ses vi där, i sinom tid. Tag god tid på dig. Vi ses på barsidan.»

Minnedikt

Det er utan tvil i dei linjedelte dikta han er best. Her skriv han eit minnedikt om Saarikoski som byrjar med «Vi ses i helvetet!» og han skriv eit vakkert dikt om gråfargane i Norden. Den førre diktsamlinga han gav ut bar namnet «En lycklig mänska», og nå utkrystalliserar det seg nokre linjer kring dette: «En lycklig mänska vet inte vad lycka är (-) när man blir gammal krympar lyckan men/ dess specifika vikt ökar.»

Eg vågar meg ut på farleg vatn og seier at det verkar nærast som noko urfinskt, når Andersson konsentrerer naturdikt og svart depresjon i følgjande unike formulering: «Det grönskar på varje gren jag kunde ha hängt mig i.»