FÅR SVAR: Kjetil Rolness har ertet på seg mange etter sin støtte til islamkritikeren Hege Storhaug. Foto: Anders Grønneberg / Dagbladet
FÅR SVAR: Kjetil Rolness har ertet på seg mange etter sin støtte til islamkritikeren Hege Storhaug. Foto: Anders Grønneberg / DagbladetVis mer

Rolness og høgrepopulismen

I røynda er Kjetil Rolness vonbroten fordi norsk venstreside ikkje er høgrepopulistisk i innvandringspolitikken.

Meninger

Kjetil Rolness meiner venstresida sviktar sine eigne verdiar. Ein av grunnane er at ikkje andre på venstresida er med på å støtte islam-kritikaren Hege Storhaug (Dagbladet 8. oktober).

Dersom vi ser på kva Storhaug skriv på bloggen sin frå 1. juli i år og fram til no, har kvart og eitt av dei 59 blogginnlegga vore mot innvandring. Nesten alltid er islam målskiva for kritikken. Det typiske innlegget er bygd opp ved at Storhaug refererer eit anna avisoppslag for å plassere det i ein innvandringskritisk kontekst.

Mellom anna påstår ho at ein islamistisk 7-punktplan for overtakinga av Europa er i ferd med å lukkast (04. juli). Ho mistenker Tyrkias muslimske statsminister for å pøse på med islamistiske flyktningar fordi han vil prøve å øydelegge Europa (19. september).

Denne typen informasjon vil det norske «propagandamaskineriet» (Dagbladet, VG, Aftenposten, NRK og TV2) skjule (9. september). Resultatet ser i følgje Storhaug ut til å bli at «misforstått liberalisme avvikler Europa», at Tyskland «avskaffer seg selv» (30. september) og at «svenskene snart er i minoritet» i Sverige (8. oktober).

«Den tyske godheten leder til at kvinner og barn tvangsprostitueres og voldtas», skriv Storhaug om det ho kallar ein «voldtektsepedemi» (22. september).

Døma viser at Hege Storhaug representerer ein mørk variant av innvandringsfiendtleg høgrepopulisme.

Så i røynda er Kjetil Rolness vonbroten fordi norsk venstreside ikkje er høgrepopulistisk i innvandringspolitikken. Men det er jo om lag som å forvente at dei Grøne burde samle seg om synsmåtane til klimaskeptikarane.