Lurt: Kjell Ingolf Ropstad ble lurt. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Lurt: Kjell Ingolf Ropstad ble lurt. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpixVis mer

Utvidet regjering

Ropstad er på godt, gammalt blitt bondefanga av Erna Solberg

Bakrus blues fra firpartiregjeringa.

Meninger

Kjell Ingolf Ropstad har talt: «Kan ei kvinne bere fram eitt barn, kan ho også bere fram to!» Dette lira han av seg på NRK same dag som han tok partiet sitt inn i regjering med Frp som dei slett ikkje skulle i regjering med. Det må vere så sabla godt for alle kvinner å vite at det alltid er ein eller annan mann der ute som veit så mykje betre enn dei sjølve, kva som er best for dei. Ein som vil ta over styringa av livet deira når han tykkjer dei vinglar av garde utan mål og meining.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

På usedvanleg effektivt vis fekk Ropstad samtidig presentert nye Kristeleg Folkeparti. Og han gjorde det klinkande klart at dei som überoptimistisk har trudd at mørkemannstida i Krf var over ein gong for alle, like godt kan revurdere den ideen først som sist.

Eg har ofte tenkt at KrF-politikarar har ein fordel; dei slepp å vakne opp til bakrus søndag morgon etter landsmøtefestar slik kollegaer i andre parti heilt sikkert gjer. Men no har mange av dei sjølv fått oppleve kor fryktelege slike morgonar kan vere.

Dei har nemleg bråvakna til århundredets bakrus. Eg ser dei for meg liggjande i fosterstilling medan bonangeren sender skakingar gjennom kroppen. Det har nemleg gått opp for dei at dei på godt, gammalt vis har blitt bondefanga av Erna Solberg

Det skulle ikkje forundre meg om nestlaiar i KrF, Kjell Ingolf Ropstad og no fungerande partileiar, Olaug Bollestad, også kjenner seg ganske så ugne. Eller er dei så rusa på sine nye maktposisjonar og utsikt til svarte statsrådbilar at bakrus ikkje bit på dei?

Då debatten om vegval fillerista partiet i fjor haust, såg det ut til at partileiar Knut Arild Hareide kunne få fleirtal for å gå i regjeringsforhandlingar med Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Difor avtalte nestleiarane RopBollestad sporenstreks hemmeleg møte med Erna Solberg. Dei ville mykje heller leike med henne, men visste at skulle dei lukkast, måtte statsministeren komme med eit tilbod fleirtalet i partiet ikkje kunne seie nei til.

Etter Münchenforliket i 1938, der europeiske leiarar diskuterte Europa si framtid, kom Storbritannia sin statsminister, Neville Chamberlain, tilbake til London og kunngjorde opprømt at han hadde vore med på å oppnå «Peace in our time».

Kjell Ingolf Ropstad kom attende til sine eigne frå møtet med Solberg og fortalde gledesstrålande at dei no hadde ein historisk sjanse til å endre paragraf 2C i abortlova ein gong for alle. Ein «historisk sjanse» som gjorde at eit knapt fleirtal på landsmøtet valde å gå for RopBollestat og Solberg i staden for Hareide og Gahr Støre.

På pressekonferansen etter at ei ny regjering var eit faktum og regjeringsplattformen skulle presenterast for alt folket, var firlingane som skal styre landet i to år framover, sjølvsagt strålande fornøgde med resultatet. Og rett skal vere rett. Her var det noko for ein kvar smak.

Alle har fått sette sin signatur på innhaldet. Kristne verdiar skal gjennomsyre arbeidet. Færre flyktningar vil få innvilga asyl. Det skal bli eit varmare og meir medmenneskeleg samfunn. Auka barnetrygd heilt uavhengig av etnisitet. Fleire flasker taxfreevin. Bompengar, men i alle fall ikkje meir bompengar. Miljøet er redda ein gong for alle slik at barna våre kan gå ei trygg framtid i møte. Bilen er ikkje lenger jaga vilt anten han går på bensin eller diesel. El-bilførarar vil framleis bli sponsa av staten. Dei rike vil bli skattaletta mest, no som før, og Erna er sikra to nye år i statsministerstolen.

Ropstad måtte slukøra vedgå at det ikkje blir noka endring av §2C slik han hadde forespeila partiet. Men sidan kamelar har stått på menyen morgon, middag og kveld på Gran, har dei tre kvinnelege partileiarene innvilga Krf nokre små innstrammingar av kvinners rett til å bestemme over eigen kropp sånn at Ropstad ikkje skulle framstå som ein tapar av Chamberlainske dimensjonar.

Hareide satsa høgt, spelte alt på ein hest og tapte så det song. Den einaste Krf-politikaren av nasjonalt format, er dytta ned av partileiartrona. Ropstad og Solberg var dyktigare i renkespel og ureint trav enn han. I ettertid har han opptredd rakrygga og verdig, stadig vendt det andre kinnet til og insistert på at han både har tillit til og respekt for Ropstad og hans fløy. Djupt såra og vonbroten er nok mykje meir nærliggande når han no ser konsekvensane av at han, som Julius Cesar, har blitt dolka i ryggen. Ikkje bare av sine eigne, men òg av Erna Solberg.

Ropstad syg nok òg på ein bitter pille. Sjølvsagt har KrF i regjerings- forhandlingane fått ein smule kompensajon for §2C slik at han kan skryte av gjennomslag i viktig saker for partiet. Akkurat så mykje gjennomslag at bordet fangar. Så mykje at 19 mot 17 i landsstyret meinte det var nok til å gå i regjering,

KrF er ei slagmark. Bakrusen for mange i partiet er ikkje bare ein dagen derpå tilstand. Han kjem til å bli langvarig. Det blir bakrus blues i minst to år. Dei får trøyste seg med at det då er nytt stortingsval. Om det framleis er folk att som stemmer på dei i 2021, kan dei håpe på å sleppe ut av Frp sitt klamme famntak og stryke kamel av menyen.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.