Likestilling som politisk saksfelt har høyrd til i same departement i nesten 30 år. Med Ropstad sitt inntog i departementet skal likestillinga ut. Dette er ikkje berre eit symbolpolitisk spørsmål om namnet på departementa og kva for ein minister som skal gå i Prideparaden. Dette er i aller høgaste grad eit spørsmål om pengar, makt og politiske prioriteringar.
Likestillingspolitikken har alltid vore plassert i det departementet som har hatt ansvar for familiepolitikken og dei to saksfelta er tett vove saman. Likestillingsavdelinga i departementet har hatt ansvaret for viktige familie- og likestillingspolitiske ordningar som barnetrygd, kontantstønad og foreldrepengeordninga. Det er snakk om over 30 milliardar kroner, og utgjer nesten heile budsjettet til departementet og ein god slump av NAV-budsjettet.
Den norske foreldrepengeordninga – som legg til rette for at begge foreldre skal kunne kombinera lønnsarbeid og omsorg for små barn – er ein berebjelke i den norske likestillingsmodellen. Utanlandske delegasjonar har valfarta til landet for å studera denne ordninga, og ein likestilt familiemodell har brei støtte i befolkninga. Fedrekvota, som vart innførd i 1993, har ført til ikkje mindre enn ein papparevolusjon, med det resultatet at dagens fedrar tek like mykje ansvar for sine små barn som mødrer.
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger