Rotasjon i eigen navlelo

OPERAEN: Forfattar Niels Chr. Geelmuyden ynskjer seg operahus utan danseband. Folkeleg inntog i kulturens høgborg går ikkje upåakta hen. Engasjementet til Geelmuyden spesielt og finkulturen generelt slår definitivt hol på myten om den egalitære, norske kulturrøyndomen.

Det urovekkande i spørsmålet om opera, Ole Ivars, finkultur og folkekultur dreier seg derimot ikkje om musikalsk sjangerblanding. Kvar blir det av spørsmåla om den meiningsberande og identitetsskapande kulturen?

Den tradisjonelle kultureliten roterer nok ein gong rundt i sin eigen navlelo og skrik sjølvmedlidande om manglande deltaking i offentlege ordskifte, og om fråvær av makt til fordel for folkeleg kultur og ureflektert kjendissynsing. Men Geelmuyden møter motstand, om lag som då forfattar Knut Faldbakken tok til orde for å gje kultureliten tydeligare ekspertstatus. Kvifor er det berre idrettsekspertane som får uttale seg som ekspertar, spurde han.

Geelmuyden og Faldbakken er pinlege døme på det som er fremste eigenskapen hjå ein grådig og maktsjuk kulturelite: Kravet om estetisk eigedomsrett. Geelmuyden sine utspel møter derimot motstand frå folkelege motrørsler. Slike rørsler har vi god tradisjon for i Noreg. Det er ikkje utan grunn.

For dei viktigaste spørsmåla for eliten og andre mediekåte synest nemleg å vere: Kva merkelapp skal vi setja på kulturen og utøvarane i den? Fin eller folkeleg, god eller dårleg?

Artikkelen fortsetter under annonsen

I ordskifta drøftar ein sjeldan kultur som meiningsberande eller identitetsskapande for einskildmenneske eller grupper. I staden snakkar ein om kultur som om det var ein streng, sosial disiplin. Og innafor sjangrane kunst, litteratur, musikk og arkitektur er kultur noko som skal beherskast, for all del ikkje nytast. Slik reduserer vi dessverre sjansane til å finne fram til viktige dimensjonar i det norske kulturmangfaldet.

Er til dømes underhaldningslitteraturen berre folkeleg og dårleg? Og kan ein forstå og fortolke Ole Ivars og Idol utan at musikken skal kallast enkel og banal?

I forsøket på å klargjera den sosiale røyndomen tyr mange til Pierre Bourdieu sitt omgrepsarsenal. Bourdieu er framleis ein viktig referanse i norske og utanlandske kulturdebattar. Vår heimlege debatt er ikkje noko unnatak.

Christian Refsum skreiv i Dagbladet 9. januar om korleis vulgærversjonen av Pierre Bourdieus «Distinksjonen» i stor grad styrer kulturdebatten. Legg Bourdieu på hylla og finn fram til dei spørsmåla som er vesentlege ved kunsten, var bodskapen til Refsum.

Refsum har eit poeng, men så lenge spørsmåla om «fin» og «folkeleg» får fylgje av kvalitetsvurderinga «god» og «dårleg», skjønar ein at utgangspunktet for ei drøfting om det vesentlege i kunst og kultur ikkje er særleg til stades. Då kan det vera godt å stø seg til Bourdieu si påminning om at det å beherske kultur er hierarkisk distribuert. På toppen sit kultureliten, med krav om definisjonsmakt og estetisk eigedomsrett.

Kultureliten har vore ein viktig aktør i utviklinga av kunst og kultur i Noreg. Opera som musikksjanger er i seg sjølv eit godt døme på det. Men som aktør i ein debatt om vesentlege sider ved norsk kultur verkar korkje Geelmuyden eller eliten særleg konstruktive.