Ruinar av begjær

Dyktig formulert diktsyklus med klart forbilde.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: Det er ei velkomponert debutbok Shafieian har levert, og forlaget (ved Aud Gloppen og Blæst) har også gjeve ho ei særs vakker bokbunad. Debutanten skapar ei spennande filmatisk framdrift gjennom først å sitera følgjande Tranströmer-strofe: «Begravningarna kommer/tätare och tätare/som vägskyltarna/när man närmar sig en stad.» og så følgja opp med bolkar som heiter: «40 kilometer», «27 kilometer» og «13 kilometer». Det første diktet i boka slår også an den tonen som pregar bokas tekstar: Du våknerav å snuble irester avet gammelt steinhusog huskeringenting. Lengerborte ser dufolk fjerne seg. Dugjemmer degi ruinene, seretter noeå dekke dennakne kroppen med. Diktet viser eit høgt opparbeidd medvit om dei verkemiddel som fungerer i slike tekstar, og gjev oss gradvis nye og overraskande informasjonar om eit uhyggeleg landskap med figurar etter ein katastrofe. Etter kvart som ein les, gjev dikta ikkje bare openbare assosiasjonar til bileta til kunstnaren Roj Friberg, men nok også i litt for stor grad til Tor Ulvens lyrikk. Det er gjennomgåande dystre dikt, nokre få av dei er også spinkle, morbide poengdikt. Men her er også kjærleiksdikt og restar av begjær. Men stort sett er det eit Ulvenaktig og uendeleg trist perspektiv: Snu degrolig, legg degpå ryggen, la megdra hånden langsden myke huden,like stumtsom under nysnøenmange år tilbakei en dyregrav. Dette er altså ein debutant som overtyder med kontroll over verkemidla, men det er også slik at ein del av desse dikta vert merkeleg uvedkomande på grunn av denne blandinga av dugleik og likskap med noko me har lese før. Når det så i tillegg kjem inn nokre få klisjéar som at dommedag er utsett, eller andre grøssareffektar som at «ingen har så kalde hender som oss», dreg dette ein del ned. Mazdak Shafieian har altså i denne debutboka vist at han kan, og me ser fram til at han kjem attende med eit stoff som godt kan vera noko mindre kontrollert, mindre arkeologisk og endå meir Mazdak Shafieian.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer