Rune Tuverud

Lågmælte dikt om kjerne- opplevingar.

BOK: Rune Tuverud skaper eit språkleg univers der det ikkje er rom for fjas og uvesentlege litterære grep som skal imponera lesaren. Det handlar meir om å nærma seg nokre kjerneopplevingar, dette ordlause tilværet som står der og er. Det er ein uhyre krevjande disiplin han gir seg ut på, og det må seiast at han ikkje lykkast like godt kvar gong.

Men han tvinger ikkje stoffet inn i ei ekstatisk form eller strekker orda lenger enn dei rekk. Han er så ærleg mot sine eigne erfaringar, at han nektar å skapa seg eller blåsa diktet opp med lånte og tilgjorte ord. Så hender det i staden av og til at det vert litt flatt og uspennande.

Nærvær

Boka startar med eit barndomsminne, og nokre sider seinare, i diktet «Et rom», møter me ei dotter som sit på golvet og teiknar. Ho går ut

og der ute

i sollyset

blir alt skapt på nytt

så raskt at det

nesten er umulig

å oppfatte

Som i «Vinden frå Kodan» er dette ei sterk blanding av kvardagslege ting og eit eksistensielt nærvær, ei årvaken merksemd, som skapar dei mest betydelege dikta.

Fuglar

Her kjem også inn meir spesielle tema, som eit dikt der ei dotter har ei overnattingsvenninne som viser seg å vera på flukt under falsk namn, og ein anna stad fører ein telefon til sonen bare til ei melding om at nummeret ikkje er i bruk. Gjennomgåande i boka er møte med fuglar: tjeld, svane, måker, kråker og

En spurveflokk lander

på gjerdet ved siden av meg

jeg så dem ikkje

jeg var i min egen verden

av menneskelige tanker

men dette bruset

av liv

vekket meg opp

Han oppnår i nokre av desse dikta å formidle det som har vorte kalla peripheral view: der avstanden mellom det sette og ein sjølv, mellom det ytre og det indre, vert borte:

hun er en overraskelse

et smil

som blir værende

når en blåstrupe forsvinner

Ein kan vel seia at tittelen bivirkninger får halda på si gåte, sjølv om Tuverud sirklar inn tydinga i retning av alt anna enn kjerneopplevingar. Det som er viktig er å gje slepp på det å vita og kjenna frå før, og at det å vera til i eit poetisk møte mellom det indre og det ytre, er «en stum eksamen» som lett vert borte i biverknadar «når alt får navn igjen».

Rune Tuverud sine dikt krev at ein nullstiller seg når det gjeld kravet om action, og les sakte og stille, ord for ord, og då kan ein finna gullkorn her som ein tek med seg vidare: «akkurat som om/svakhet//skulle vise/vår styrke//at den finnes.»