SLUTT MED RUSSEFEIRING: Det er no i januar som er det aktuelle tidspunktet for ei vurdering, både for elevar og for foreldre, om ein ikkje kunne klara seg vel så godt om ein gjev avkall på russefeiringa. Illustrasjonsfoto: Christian Roth Christensen
SLUTT MED RUSSEFEIRING: Det er no i januar som er det aktuelle tidspunktet for ei vurdering, både for elevar og for foreldre, om ein ikkje kunne klara seg vel så godt om ein gjev avkall på russefeiringa. Illustrasjonsfoto: Christian Roth ChristensenVis mer

Russefeiringstyranniet

Flatfylla har aldri vore rekna som verdig livsutfalding, og russefeiring er i første rekke fyll og anna ulivnad.

Debattinnlegg

Når tek ein epoke slutt? Det veit ingen før etterpå. Men me veit at alt tek slutt ein gong, også russefeiringa. Må me slita med den endå i tjue år? Eller kanskje berre i tre? Den har overlevt seg sjølv med femti år. Alt i sekstiåra var det openbert at dette var ei avlegs form for livsutfalding. Flatfylla har aldri vore rekna som verdig livsutfalding, og russefeiring er i første rekke fyll og anna ulivnad.

Mange ungdomar får si fyrste verkelege føling med alkoholen under russefeiringa. Dei ivrigaste tek til om hausten, og held det gåande heile vinteren. I denne russeperioden kjem ungdomane inn i ein livsstil som dei seinare kan ha vanskar med å koma seg ut av. Mange «russefirma», dei som leverer effektar, narrar russen opp i stry økonomisk. Ikkje sjeldan må foreldra trå til utpå sommaren og gjera opp for eit underskot som ingen kan gjera greie for.

Kva tiltak kan få slutt på uvesenet? Den vidaregåande skulen har eit avgjerande ansvar, og det er at elevane etter endt skulegang skal sitja att med mest mogeleg kunnskapar. Her er eksamenstida ein viktig periode, då ein skal konsolidera dei ein har lært, både på papiret og i form av tillit til seg sjølv. Foreldra kan spela ei rolle. Dei kan lova ungdomane sine ei feriereise for tretti tusen kroner, dersom dei held seg unna russefeiringa. For minst så mykje kostar kalaset, ofte mykje meir.

Politiet kunne òg ha spela ei rolle, om dei hadde hatt mot. Men aller mest kan elevane sjølve gjera for si eiga velferd, ved å ta ansvar for seg sjølve. Det er fullt mogeleg å organisera seg under ein parole, til dømes: Russefri. Kanskje nokon finn ut at russefeiring er gammaldags, slik som studentluva. Elevane på vidaregåande, dei som vil sløyfa russefeiringa, kan organisera seg . Det kan snart bli ein mote det òg. Og fortenesta for dei uteksaminerte er openberr. Før eller seinare vil russefeiringa ta slutt. Ein epoke vil alltid ha ein ende.

Det er no i januar som er det aktuelle tidspunktet for ei vurdering, både for elevar og for foreldre, om ein ikkje kunne klara seg vel så godt om ein gjev avkall på russefeiringa.