Russisk bakgård

Vestens yndling, Mikhail Saakasjvili, er ein riddar i panterskinn.

KRIGEN I GEORGIA kallar på historiske linjer som går mye lenger tilbake enn til oppløysinga av Sovjetunionen i 1990 og roserevolusjonen i Georgia i 2005. For Georgia ligg ikkje bare langs ruta for dagens oljeledningar, men også i eit geopolitisk vegkryss. Når skiftande stormakter i den del av verden har snudd på seg, har det alltid fått konsekvensar for Georgia - Grusia på russisk og Sakartvelo som var det gamle georgiske namnet på riket.

KAMPDYKTIGE OG ÆREKJÆRE georgiarar sto mot angrep frå romarane. Det kristne kongedømmet heldt seinare stand mot islamske, mongolske og persiske erobrarar. Det hadde si stordomstid under dronning Tamara på 1200-talet, udødeliggjort i det nasjonale helte-eposet «Ridderen i panterskinn». Etter det blei området splitta opp i krigande fyrstedømme som ba om russisk vern mot den osmanske faren. Tidlig på 1800-talet blei det saman med resten av Kaukasia ein del av tsarens rike, men den siste biten av dagens Georgia blei ikkje kvitt tyrkarane før i 1878; det var Adsjaria - den tredje av dei autonome provinsane saman med Sør-Ossetia og Abkhasia.

UNDER REVOLUSJONEN i 1917 frigjorde Georgia seg frå Russland, men var i realiteten ein tysk satelitt. Etter første verdenskrig var Georgia ein eigen stat og eit oppmarsjområde for britiske og kvite styrkar i intervensjonskrigen mot bolsjevikane. Etter kommunistisk opprør og borgarkrig blei Georgia slått saman med Armenia og Azerbaidjan til Den transkaukasiske føderative sovjetrepublikk. Tsarens sørlige grense var på plass igjen. Frå 1936 hadde Georgia status som eigen unionsrepublikk, med Abkhasia som ein autonom del.

JOSEF SOSO DZJUGASJVILI var fødd i Gori og praktiserte som prestestudent, georgisk nasjonalistisk poet og revolusjonær bakrøvar i Tbilisi. Han brukte dekknamnet Koba etter ein kaukasisk banditthelt før han blei Stalin og sovjetisk diktator i 30 år. Han var av ossetisk slekt, og seg imellom omtalte fiendane han som «ossetaren». Det var dobbelt nedsettande: Russarane betrakta georgiarar som rå og brutale, mens georgiarane såg på ossetarane som halv-hedenske barbarar. Stalin snakka alltid russisk med brei georgisk aksent. Han var også opptatt av det som i dag er ein av krigens tema: «Hva må gjøres med osseterne... bli assimilert av georgierne?»

STALINS HOFF hadde ein kjerne av ikkje-russarar, mange av dei frå Georgia. Den seinare KGB-sjefen Berija, som var Stalins «visekonge» i Kaukasus, og som Stalin til slutt tok av dage, var abkhasiar. Og Abkhasia hadde ein spesiell plass for parti-nomenklaturen: Med sitt gode klima og vakre natur var den abkhasiske Svartehavskysten partitoppane sitt faste sommarferieparadis.

DENNE KRUTT-TØNNA av gamalt hat, skyfling av folkegrupper, kommunistisk hardkjør og russisk maktpolitikk eksploderte då Sovjetunionen braut saman - med georgiaren Eduard Sjevardnadze som siste utanriksminister og seinare som korrupt president i eit Georgia med uklare grenser og uløyste etniske konfliktar.

KIKK PÅ KARTET og studer historia: Dette er Russlands historiske bakgård og buffersone. Når den nord-atlantiske forsvarsalliansen vil eta seg inn i restane av det tsaristiske og kommunistiske imperiet, er NATO virkelig out-of-area; dette er Russlands arena. Bjørnen har sove og vore utmagra i noen år, men er i ferd med å gjenvinna styrke - om ikkje vett.

FOLKERETT kan stå mot realpolitkk. Og sjøl om Bush-yndlingen Saakasjvili har studert menneskerettar i Strasbourg, vore advokat i New York og kan seia «markedsdemokrati» på utmerket engelsk, framstår han som ein klassisk kaukasisk krigar på heimebane.

Russisk bakgård
OSSETEREN: Også Stalin var opptatt av osseternes skjebne. Foto: AP/SCANPIX
OSSETEREN: Også Stalin var opptatt av osseternes skjebne. Foto: AP/SCANPIX Vis mer