RV truverdig om overvaking?

AVSLØRINGANE av AKP si ulovlege overvaking av NKP er ikkje berre ei sak for historieskrivinga. Ein ting er at AKP prøver å bortforklare dette. Noko anna er kva RV sine to fremste kandidatar til Stortingsvalet, Erling Folkvord, Oslo, og Torstein Dahle, Hordaland, meiner om saka. Folkvord er framleis medlem av AKP og Dahle var medlem eit stykke ut på 90-talet. Begge var med då AKP ytte CIA gratis assistanse ved å spionere på NKP. Begge sat sentralt i partiet. Mine spørsmål blir då:Visste Folkvord og Dahle om denne overvakinga? I så fall, gjorde dei noko for å stanse ho? Har dei tatt eit oppgjer med denne praksisen? I så fall, når gjorde dei det, under kva omstende? Har Dahle og Folkvord ei lik oppfatning av dette kapitlet i AKP si historie? Viss dei visste om det, men ikkje gjorde noko, korleis kan ein da ha tillit til dei som frontfigurar ved stortingsvalet?Og - om dei no visste om det eller ikkje - tar dei i dag avstand frå den ulovlege overvakinga av NKP?