Rykkja, Helge

Korleis vart du forfattar?

- Eg blei tidleg forfattar, poet, etter å ha sysla med å skape mindre musikk-komposisjonar først.

Har du litterære førebilete?

- Eg har mange litterære førebilete, dei norske nasjonale, russiske Majakovskij og dei såkalte «nyenkle» i Norden på byrjinga av 1960-åra. (Eg er eit barn av 1960-åra, og det treng ingen skamme seg over, eg gjer iallfall ikkje det.)

Korleis liker du å jobbe?

- Eg liker å jobbe både under uventa inspriasjon og analytisk med god tid. Dessutan er jobbing ei dialektisk greie, der andre menneske sine reaksjonar og meiningar utfordrar meg.

(Dagbladet.no 20.02.03)