UT I SOLA: - Lenge snakka vi om anonyme nettroll som spydde ut eider og galle. Dei er ikkje lenger anonyme. No opptrer dei i profilar med fullt namn. Gjerne med bilde. Besteforeldre, tanter, fetrar, vennar, naboar, kollegaer, skriver artikkelforfatteren. Foto: Dagbladet
UT I SOLA: - Lenge snakka vi om anonyme nettroll som spydde ut eider og galle. Dei er ikkje lenger anonyme. No opptrer dei i profilar med fullt namn. Gjerne med bilde. Besteforeldre, tanter, fetrar, vennar, naboar, kollegaer, skriver artikkelforfatteren. Foto: DagbladetVis mer

Debatt: netthets

«Så, du skal marsjere med nazister og knuse homolobbyen, fetter Tore?»

Jeg har lært meg å skjermdumpe. Det skal jeg bruke for alt det er verdt.

Meninger

Dei stille i landet. Dei som skrik og bêr seg. Ekstremistar av alle fargar. Fredstanter med himmelvende blikk. Krigshissarar. Religiøse fundamentalistar. Den nye oljen; eller influencarar som dei òg kallast.

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016. Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Internett har gjeve kvar einaste ein av oss ein talarstol. Gjennom sosiale media. Der kan vi ekspertuttale oss om kva vi vil. Med overtyding. Til eitt eller anna virtuelt publikum. Det vidunderlege er at når vi snakkar gjennom eit tastatur, korkje stotrar eller stammar vi. Aldri skjelv vi i stemmen ein gong.

Dessutan kan vi seie kva pokker vi vil. Slenge ut alle slags påstandar. Om nokon skulle prøve å arrestere oss med motargument, let vi ganske enkelt vere å svare. Eller blokkerer dei. Og så kaste ut nye påstandar. Livets uuthaldelege lettheit. Herleg overflatisk og uforpliktande.

I fjor haust melde eg meg inn i fb-gruppa «Sylvi Listhaug som statsminister for nasjonen Norge». Alt tilsynelatande ryddig og tillitsvekkjande. Opningshelsinga frå administrator var at den som spreier hets eller rasisme, vil bli utestengt for alltid. Snart skjønte eg at ho, i tradisjonell Frp-stil, hadde gløymt sine eigne trugsmål. For i likskap med i dei høgreekstreme fb-gruppene «Fra folkedypet» og «Fedrelandet viktigst», florerte det med hets og rasisme frå mange av dei som vil ha Listhaug som statsminister. Her, som der, var det muslimar generelt og AUF-leiar Mani Hussaini spesielt, som toppa hatlista.

Blant alle groteske kommentarar, var det ein som brende seg fast i minnet mitt for alltid. Eit medlem hadde posta eit bilde av en mann som var bunden til eit bord og fekk hendene hogde av. «Passeleg straff for Hussaini,» meinte kommentatoren.

Medlemskapet mitt resulterte i ein sterkt kritisk artikkel, «Listhaug som statsminister i nasjonen Norge», publisert i Dagbladet, eit anna av hatobjekta (Sosialistblekke. Idiotavis. Synkande skip). Artikkelen delte eg i listhaugtilhengjargruppa. Og forventa å hauste storm. Men, nei. I staden tikka det inn med «likar». Mange hundre. Og massevis av delingar.

Absurd komikk. Men så slo det meg; dei har ikkje lest ei linje. Dei såg overskrifta og bildet. Dermed var det tut og køyr frå folk som ikkje gadd å gå i djupna. Eller orka. Som ein som kommenterte ein annan av mine tekstar skreiv: «Da jeg så overskrift og hvem som var forfatter, orket jeg ikke lese mer. Dette er for de enfoldige.» Det skremmande er at så overflatiske menneskje er lette å forføre og lede.

Om administrator har reinska gruppa for hets og rasisme og utestengt for alltid dei som spreier slikt, anar eg ikkje. For då nokon endeleg oppdaga kva teksten min handla om, blei i alle fall eg, varslaren, prompte utestengt for alltid.

Lenge snakka vi om anonyme nettroll som spydde ut eider og galle. Dei er ikkje lenger anonyme. No opptrer dei i profilar med fullt namn. Gjerne med bilde. Besteforeldre, tanter, fetrar, vennar, naboar, kollegaer. Det var lenge kotyme å sitere grumsete kommentarar, men ikkje oppgje namn på avsendar.

Dette er i endring. No blir den verste dritten gravd fram og delt som skjermbilde på sosiale media. Med fullt namn på møkkaspreiarane. På Twitter er @tekstkriger ein av dei som i lengre tid har påtatt seg denne jobben.

Nyleg var det «Mannegruppa Ottar» som blei offer for skjermdumping. Eit medlem inviterte til idémyldring om kva dei kunne utsetje Oslo-byråd Lan Marie Nguyen Berg for. Spontant dukka det opp forslag om drap, napalm, knusing av tenner, tvangspuling. Då dette blei offentleggjort, var reaksjonane frå ottarmennene: «Feigt, kanskje straffbart, å dele ting frå ei lukka gruppe (med 60 000 medlem!)». Så bagatelliserte dei med at det var humor. Til slutt ba initiativtakar om årsaking.

Den einaste reaksjonen som mangla, var at reale mannfolk masseutmelde seg frå gruppa for ikkje å bli assosierte med slikt søppel.

Eg har lært meg å skjermdumpe! Det skal eg bruke for alt det er verdt og dele kommentargalskap i alle SoMe eg har tilgong til. Det håper eg alle andre óg gjer. Tenk så moro det då kan bli i familielag: «Farfar, eg høyrer du håper feministar blir massevaldtekne av arabarpikkar?!» «Er det sant, tante Fatima, at du vil ha sharia-lover i Noreg?» «Veit du, søster Gurine, eg fattar ikkje at du kan fornekte holocaust.» «Så du skal marsjere med nazistar og knuse homolobbyen, fetter Tore?»

Då blir det kanskje ikkje lenger så lett å vere «rebell i kjellerleiligheten sin»

Lik Dagbladet Meninger på Facebook