FARSOTT: Den siste musikkvideoen til rapperen Childish Gambino har fått massiv oppmerksomhet. Foto: Donald Glover / Doomsday / Wolf + Rothstein / Youtube
FARSOTT: Den siste musikkvideoen til rapperen Childish Gambino har fått massiv oppmerksomhet. Foto: Donald Glover / Doomsday / Wolf + Rothstein / YoutubeVis mer

Vekas Vers:

Så gjekk internettet amok over ein musikkvideo igjen

Men han har jo (nesten) ikkje klede på seg!

Så gjekk internettet amok over ein musikkvideo igjen. Tidas varmaste amerikanske namn, multikunstnaren Donald Glover aka Childish Gambino gav ut låten/musikkvideoen «This is America» for to veker sidan. Låten debuterte på 1. plass på Billboards Hot 100-liste, og er i skrivande stund den nest mest sette videoen på YouTube.

Som tittelen indikerer, er det snakk om eit tidsbilete av USA. Det er politisk, provoserande, og det er fengande musikk; det er ikkje rart at «alle» skriv om og diskuterer verket. Dagbladets Christopher Pahle har skrive ein interessant og detaljert gjennomgang av videoen som filmverk. Han kallar det «en unik og breial flathånd», og meiner den får sagt meir enn tusenvis av kronikkar. Vår permitterte Vers-kollega Martin Bjørnersen skreiv ein god kommentar i Klassekampens musikkmagasin på mandag, og er begeistra for det han meiner er ein «sjeldent god dansedrevet musikkvideo», men synest at Gambino preikar for menigheita. Meiningane er mange, men dei fleste er einige om at det er eit sterkt og effektivt verk.

Underteikna arbeider til dagleg med å lage både musikk og film, men eg er oppsiktsvekkande lite interessert i musikkvideoar. Eg ser dei nesten aldri. Om lag ni av ti musikkvideoar er kjedelege før det har gått eit minutt. Det er svært sjeldan at musikken vert rikare eller større i møtet med dei levande bileta, eller omvendt. Til saman skulle filmen og musikken gjerne verte noko tredje, og det vert det berre unntaksvis i mine auge og øyre – i alle fall ikkje noko vellykka tredje.

«This is America» er eit slikt unntak. Heile videoen foregår i ei lagerbygning, og startar med ein farga mann som sit på ein stol og speler gitar. Childish Gambino dansar seg inn i filmen, tek fram ein pistol og blåser ut hjernen på gitaristen, før han upåverka ser i kamera igjen og dansar, smiler og rappar vidare. I neste tablå kjem Gambino forbi eit gospelkor som han massakrerer med eit maskingevær, før han igjen smilande held fram med oppgåva si: underhalde oss, sjå oss, og danse for oss. Omgivnadane utviklar seg til opptøyar, bilbrannar og kaos, og som avslutning ser me Gambino springe for livet med mobben etter seg. Han ser framleis på oss, men er redd for fyrste gong.

Med enkle og effektive grep, tung symbolikk, sjokkeffektar og framifrå estetisk gjennomføring, har det vorte ein svært vellykka musikk-kortfilm, sjølv om uttrykket kan verte noko overtydeleg i sin subtilitet, om eg kan få formulere meg litt paradoksalt. Childish Gambino liker å vere kryptisk og smart, og seie svært mange ting nesten. Uttrykket er gjennomsyra av den konseptuelle tenkinga hans. Det er som om han seier til oss «OK, prøv å finne alle referansane og tolkingsmoglegheitene i denne, du!».

Childish Gambino er eit kunstnarisk barn av si tid. Han er ikkje den einaste som liker å proppe tekstane med hint og referansar, og la alt vere ope for tolking. Ein positiv bieffekt av denne trenden – og internettets informasjonsstraum generelt – er at tekstanalyse ser ut til å vere meir populært enn på lenge. Det kryr av analysar av songtekstar der ute, folk diskuterer i fora, skriv bloggar og lagar videoar der dei «break it down for you». (Og tenke seg til, i Dagbladet skriv me no på fjerde året denne spalta om rapptekstar.) Men i tilfellet «This is America» handlar dei fleste analysane om videoen, eller teksten og videoen.

Lat oss no leike at videoen ikkje finst. Kva er det då for ein låt? Korleis er teksten då? «This is America» er tidsriktig bygd opp, og består av minst fem ulike delar, og kva som er vers, refreng, b-stykke eller bru kan diskuterast (og vert sikkert diskutert i visse fora). Flowet er også tidsriktig livstrøytt med store mengder luft i linjene. I dei delane som høyrest mest ut som vers, begynner han nesten alltid linja rundt det tredje slaget, han rappar altså berre om lag halvparen av tida han er på. Pausane er fyllt ut med ad libs frå han sjølv og eit stjernelag av andre Atlanta-rapparar (forresten ein veldig artig idé, som kanskje betyr noko, kanskje ikkje).

Teksten i versa er kompakte utsegn og augeblinksbilete. Her er mykje satirisk skråblikk på samtidas popkultur: «I’m so fitted / I’m on Gucci / I’m so pretty», avløyst av kritikk av det elendige amerikanske politiet som ikkje kan sjå forskjell på ein mobiltelefon og eit våpen: «This a celly / That’s a tool». Han nyttar fleire kontrastar; livsglad chanting om dans, og dystre bodskap om dop og død. Han nyttar òg mange gjentakingar, tydeleg inspirert av ein moderne rappkultur han på same tid kritiserer. Eller gjer han det?

For all del, det er ein bra låt med eit svært dansevennleg beat. Childish Gambino rappar godt, sikkert og med autoritet, men eg anar framleis ikkje kven han er. Eg trur låten handlar om å vere svart (kunstnar) i dagens USA. Men det er uklart kva han meiner sjølv, og i dei linjene bodskapen er tydeleg, sparkar han inn vidopne dører. Så lærer me noko nytt? Nei. Må me alltid lære noko nytt av musikk? Nei, men når kunstnaren (indirekte) påstår at me skal det, så ja.

No kan me leike at videoen finst igjen, for den held mål, og vel så det. Og låten fungerer trass alt svært godt som filmmusikk.

Childish Gambino er vanskeleg å verte klok på. Det er ofte ein god ting, men tydelegvis ikkje alltid. For alt eg veit har han berre tenkt «kva er mest populært i hip-hop no? Kendrick Lamar og trap. Eg lagar noko midt i mellom, og så vil eg danse rundt som Bobby McFerrin i videoen». Det er kanskje ufint av meg å spekulere i intensjonane dine, Donald, men du gir meg ikkje mykje val.