Sakleg og sansbar poesi

Eughne Guillevic er ein fin representant for ein poesi som klarer å ruse seg på det saklege og sansbare. Når denne objektive ting-poesien dukka opp i Frankrike på 40-talet, var det kanskje som ein reaksjon på den meir irrasjonelle surrealismen.

I alle fall danna det seg ein tradisjon som konsentrerte seg om det konkrete og nære, tinga og naturen. Olav H. Hauge var kanskje vår største utøvar av denne diktarten, og i si hylling til Guillevic sier han: Etter lesnaden / av Guillevic / er du ikkje / mett, / men ein / grøn, grådig / lupin i elvesand . Eigentleg skulle vel dette halde som introduksjon til Guillevics forfattarskap. Og det er ikkje farleg å vere grådig, når ein no har heile to gjendiktingar av denne poeten å gasse seg med.

Arvid Torgeir Lie, sjølv ein sterk poet, gir i «Skåpet var av eik» eit rikhaldig utval med Guillevic-gjendiktingar. I tillegg finst eit anna og annleis utval, «Den nærsynte horisonten» frå 1991, ved Anne Birgitte Rønning og Finn Øglænd. Og skulle ein etter desse to samlingane framleis vere svolten på denne typen poesi, så finst det også gjendiktingar av nestorane Francis Ponge og William Carlos Williams. Guillevic døydde i mars i år, etter eit langt liv som tenestemann i skatteetaten, og aktiv poet sidan debuten i 1938. Dikta hans er korte, men dei har gjerne ein overraskande slutt som opnar opp for vide tolkingar og sprenger dei ofte strenge rammene. Det dikteriske universet hans er fullt av ting; stolar, flasker, skap. Og tinga er ikkje alltid hyggelege, når han fokuserer på dei, står dei farleg isolerte, og det er ikkje godt å vite kva dei rommar: Skåpet var av eik / og ikkje åpent. // Kanskje skulle det ha falle døde ut av det, / kanskje skulle det ha falle brød ut av det. // Mange døde. / Mange brød.
Mennesket er nesten ikkje til stades i desse dikta, det er tingas regime dei skildrar. Tinga, naturen, dyra og elementa rår grunnen nesten aleine. Naturen er den einaste staden diktaren kan henvende seg, og den er jo minst like trulaus som tinga: Det tener ingenting til å bli fornærma på månen / eller under sumarnettene // drøyme om /å halde han fast. // Han er perfekt, / og dreg bort.
Når menneske dukkar opp samla, er det gjerne i ei massegrav. Så kjem ei og anna kvinne til syne i det mennesketomme landskapet, noko som vel antyder at kjærleiken kan bøte på framandkjensla. Trass i det noko dystre verdsbildet dikta til Guillevic samla teiknar, er mange av dei morosame og fulle av varme. Sjølv om tinga står langt frå kvarandre, det menneskelege er fråverande og månen dreg sin veg, så er det eit slags håp. I alle fall finst det overraskingar... Hanar, stig fram! Og spar ikkje på noko!