FRYKTET HJEMSENDELSE: For et år siden rømte «Odin» fra asylmottaket og endte på gata i Paris. Mange asylsøkere som kom til Norge som mindreårige frykter å bli sendt tilbake til Afghanistan når de blir 18 – om ikke søknaden blir godkjent tidligere. Foto: Privat
FRYKTET HJEMSENDELSE: For et år siden rømte «Odin» fra asylmottaket og endte på gata i Paris. Mange asylsøkere som kom til Norge som mindreårige frykter å bli sendt tilbake til Afghanistan når de blir 18 – om ikke søknaden blir godkjent tidligere. Foto: PrivatVis mer

Debatt: Oktoberbarna

Saksbehandlingstida øydelegg sjansane for Oktoberbarna

Når UDI brukar 15 månader på å behandla saka til ein einsleg mindreårig som søkjer om beskyttelse, er det både urimeleg og uforsvarleg.

Meninger

Sit Utlendingsdirektoratet (UDI ) berre og ventar på at tida skal renna ut for dei såkalla Oktoberbarna?

Stortinget vedtok 14. november 2017 midlertidig stans i uttransport av asylsøkjarar til Afghanistan. Barn som søkjer asyl, som vil vera i livsfare ved retur til sin heimstad og difor er vist til internflukt (flukt i eige heimland), men som ikkje har forsvarleg omsorg der, skal få vurdert sine saker på nytt.

Likevel må følgjande vilkår vera oppfylt:

1. Fått sitt vedtak etter 01.10.16.

2. Blitt vist til internflukt.

3. Fått vedtak om mellombels opphald jf. utlendingsforskrifta § 8-8.

TIDLIGERE VERGE: Iren Dyrseth. Foto: Privat
TIDLIGERE VERGE: Iren Dyrseth. Foto: Privat Vis mer

Problemet er at mange i målgruppa ikkje fyller vilkår 3, fordi UDI har brukt uforsvarleg lang tid på saksbehandlinga. UDI har lagt til grunn at mange av Oktoberbarna fylte 18 år hausten 2016. I mangel av anna sikker fødselsdato fekk barna som kom til Norge hausten 2015, fastsett fiktiv fødselsdato i oktober. Derav namnet Oktoberbarna. Ved å bruka urimeleg lang tid på saksbehandlinga, har UDI omgått si plikt til å gje barna mellombels opphald fram mot 18-årsdagen. UDI kunne senda søkjar til internflukt i eige land.

Hausten 2016 tok eg på meg eit vergeoppdrag for ein einsleg mindreårig asylsøkjar. Odin kom til Norge og i oktober 2015 (13.10.15). Eg møtte han første gong på Litlabø mottak. Han tok meg i handa og helsa meg på prøvande norsk. (Guten har friteke meg for teieplikta. Namnet er fiktivt.) Det viste seg å vera ein arbeidssam og skuleflink gut med godt humør og pågangsmot, trass sine dramatiske livserfaringar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I januar 2017 (24.01.17), fekk Odin avslag på sin søknad om beskyttelse. Stortinget sitt første vilkår er såleis oppfylt.

Det går fram av vedtaket at UDI festar lit til at Odin sine foreldre er drepne. UDI trur også på at Odin ikkje har nokon omsorgspersonar og at han var eit barn då han kom til Noreg. UDI legg til grunn at han er utsatt for dødsstraff, tortur eller annan umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff ved tilbakevending til heimbygda hans. Likevel finn UDI at han kan returnera til Kabul, som ikkje er heimbygda hans, fordi dei vurderer Kabul som «trygt nok». Ettersom Kabul ikkje er heimstaden/heimbygda til guten, vert han med dette vist til det ein kallar internflukt. Stortinget sitt andre vilkår for å få prøvd saka på nytt er såleis oppfylt.

Det tok drygt 15 månader frå Odin kom til Norge og søkte om beskyttelse og til UDI fatta vedtak om avslag. UDI varsla om at det kunne ta opp til sju månader før han fekk koma til asylintervju – det viste seg å ta heile 11 månader. I tillegg tok det fire og ein halv månad frå asylintervjuet til vedtaket kom. Dermed meinte UDI at Odin hadde fylt 18 år i slutten av ventetida. Hadde UDI hatt ei forsvarleg saksbehandlingstid, eller til og med halde sin eigen lovnad om å bruka maks sju månader, ville UDI vore forplikta til å gje Odin mellombels opphald fram til 18 årsdagen.

Er det slik at UDI kan bruke så lang tid dei vil på desse sakene?

Forvaltingslova (Fvl.) § 11 a), seier at saker skal avgjerast «uten ugrunnet opphold». Desto meir alvorlege konsekvensar vedtaket får for den det gjeld, desto viktigare er det at saka vert handsama innan rimeleg tid.

I den norske forvaltninga fins det ikkje saker som har meir alvorlege konsekvensar for den det gjeld, enn desse sakene: barn som søkjer om beskyttelse og som ikkje har foreldre her. I forarbeida til den nye utlendingslova, NOU 2004:20, side 176, avsnitt 5, står det: «Utlendingsdirektoratet har som mål at asylsøknader fra enslige mindreårige skal prioriteres i alle ledd av saksbehandlingen, og at søknaden skal være vurdert og avgjort innen 7 til 12 uker etter at utlendingsdirektoratet har mottatt saken.»

Utlendingsnemnda (UNE), som er UDI sitt overordna organ, legg sjølv til grunn at når UDI brukar totalt 13 månader på å handsama ei slik sak, så har UDI ikkje avgjort søknaden «uten ugrunnet opphold». For mange av Oktoberbarna har saksbehandlingstida vore vesentleg lengre, opp til 15 månader og meir.

UNE peikar sjølv på at gjennomsnittleg saksbehandlingstid i denne type saker var åtte månader i 2015. Det går ikkje fram om UNE meiner åtte månader er akseptabelt. Etter mitt syn er det i beste fall heilt i yttergrensa for denne typen saker.

Etter mi vurdering har UDI gjort seg skuldig i alvorleg saksbehandlingsfeil ved å bryta forvaltningslova sine krav til saksbehandlingstid. Feilen har ein slik karakter at eg meiner Odin sitt vedtak om avslag på beskyttelse er ugyldig etter fvl. § 41. Vedtaket ville vore eit anna dersom feilen ikkje var gjort. I staden for avslag, ville Odin og andre fått mellombels opphald. Mange av Oktoberbarnvedtaka er difor etter mitt syn ugyldige.

Stortinget sitt tredje vilkår er ikkje oppfylt på grunn av UDI sin saksbehandlingsfeil. Og Odin vert på ny skadelidande under denne saksbehandlingsfeilen. Hadde UDI følgd forvaltningslova, ville Odin no fått saka si vurdert på nytt.

Stortinget sine vilkår inneber at det berre er dei som var 16 år og yngre då dei kom, som får ei ny vurdering. Dei andre barna rekk det ikkje, grunna ulovleg treg sakshandsaming. Heller ikkje alle 16-åringane vil få ny prøving, ettersom det ironisk nok er eit vilkår at sakshandsamingstida har teke meir enn ett år. Vedtaket må nemleg ha blitt fatta etter 01.10.16, og barna kom i oktober 2015.

Til den konkrete saka vil ein jo sjølvsagt kunne innvende at Odin sin advokat burde klaga på vedtaket og gjort ugyldigheitskravet gjeldande. Det vart gjort. Vedtaket vart påklaga innan klagefristen sitt utløp, men 2. februar 2017 fekk eg melding frå mottaket om at Odin hadde rømt. UDI stilte då klaga i bero.

Etter ei tid fekk eg ei kort melding frå Odin på Facebook. Han var i eit anna land. Han sa at han ikkje hadde verken mat eller klede og at han sov under ei bru i februarkulda. Bondesonen Odin var blitt uteliggjar, side om side med narkomane og andre heimlause. Han skreiv at han ikkje hadde tru på at UNE vil gje han medhald i klagen og at norske styresmakter vil sende han til Kabul. Han meinte at ein skjebne som uteliggjar i Europa var eit betre alternativ enn Kabul.

Politikarane må retta opp denne utilsikta konsekvensen av den «strenge, men rettferdige,» asylpolitikken i samband med gjennomføringa av stortingsvedtaket av 14.11.17. Det må komma ei tydeleg politisk avklaring på kven som er omfatta av vedtaket.