RAYMOND SITT VAL:  Han kunne ta eit forenklande kunnskapsløft ved å påby garpegenitiv i Oslo sine skolar. Foto: Terje Persen / NTB Scanpix
RAYMOND SITT VAL: Han kunne ta eit forenklande kunnskapsløft ved å påby garpegenitiv i Oslo sine skolar. Foto: Terje Persen / NTB ScanpixVis mer

Samfunnsgagnlig verksemd

Garpegenitiven sine fordelar i Arbeiderpartiet's valkamp.

Kommentar

DENNE VEKA bevæpna Anders Anundsen seg med skarpe skot i ein usikra skrytevideo. Etter ein samarbeidsavtale med ei opp-pussa Trine Skei Grande har han tidligare overtatt det ho kalla ein «sånn jævla Frp-peis». Der skulle beredskapsministeren brenna aviser, og særlig Tønsberg Blad, når dei skriv noe han ikkje liker. Jobben er blitt så overveldande at Sannhetsministeren heller burde vurdera å stoppa avisa med ei departemental forføyning. Midlertidig, sjølsagt.

JURISTAR legg alltid faktum og likhet for loven til grunn for sitt samfunnsgagnlige arbeid. Når forsvarsadvokatane streikar inne i Tingretten og kjempar for høgare honorar utanfor, heiter det derfor Rettshjelpsaksjonen.

FREMSKITTSPARTIET balar fælt med å vera statsberande. Men fylkeshøvdingen i Møre og Romsdal, Frank Sve, har skjønt det. I NRK-debatten frå Ålesund avleverte han denne: «Vi må halda oss til det eksisterande systemet.» Det mest bemerkelsesverdige med det programmet var elles den sponsa bakgrunnsdekoren: Brennevinsflasker på rekke og rad. Terningkast 6.

ØNSKEREPRISEN med Knut Arild Hareide og Per Sandberg, som NRK hadde tigga seg til, blei ein skuffande nedtur. Den flyktige Sandberg hadde lese seg så kraftig opp at han dryssa rundt seg med paragrafar, mens Hareide ikkje var på hogget — verken i det moraliserande eller flørtande. Elles er jo Bittelilletun veldig søt når han er kristen-vovet og litt-på-kanten. Då går han i fotefara til Kjell Magne Bondevik med sigar og Valgerd Svarstad Haugland med eit glas raudvin; frå henne har han jo også arva stemmeleiet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

GENETIVSAPOSTROFEN er neppe Oslo Arbeiderparti's største fadese. Men ettersom Raymond Johansen's korrekturlesar ikkje er til å stola på, kunne dei jo ta eit forenklande kunnskapsløft ved å påby garpegenitiv i Oslo sine skolar.

HOTELLBARON Petter Stordalen frå Porsgrunn vil saman med Anders Buchardt, son til Arthur Buchardt frå Brumunddal, spandera nytt konserthus til Oslo-filharmonien. Det kjem nok til å flyta blod på Tjuvholmen.

RIMI-HAGEN gjer det offentlig igjen. Etter ridehestar, prostata og ekteskap med Treskokjerringa i Larvik slår han seg nå på netthandel, går i Jesu fotefar og donerer ein halv million til Åpen folkekirke sin valkamp for samkjønna vigsel. Ingen veit kvar Hagen hoppar.

TVEDESTRANDSPOSTENS barnestjerne og Dagbladets tidligare kongereporter, Sven Gj. Gjeruldsen, melde i 2001 overgang til Det kongelige hoff som portvakt og assisterande kommunikasjonssjef. Saman med Per Egil Hegge har han forfatta ein dobbel-biografi over kongeparet; «To liv — én gjerning». Gjeruldsen er innehavar av H.M. Kongens Erindringsmedalje i sølv, Kongehusets 100-årsmedalje og Kong Olav Vs 100-årsmedalje. Ved hoffet er han ordenssekretær i ordenskanselliet for St. Olavs Orden. Nå er han utnemnd til Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden — ikkje for samfunnsgagnlig verksemd, men for «fortjenstfullt virke i Kongefamiliens tjeneste».
Journalistikk kan som kjent føra til så mangt, dersom ein hoppar av i tide. Kollegial gratulasjon.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook