SIVS BABY: Ho forløyste sitt første statsbudsjett etter 12 månaders graviditet, med stemme og toneleie lagt to hakk ned. Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix
SIVS BABY: Ho forløyste sitt første statsbudsjett etter 12 månaders graviditet, med stemme og toneleie lagt to hakk ned. Foto: Lise Åserud / NTB ScanpixVis mer

Samtidige imøtegåelser

Jo fattigare ein er, jo friare er ein.

Kommentar

DENNE VEKA forløyste Siv Jensen sitt første statsbudsjett etter 12 månaders graviditet. Ho gjorde det med Kristin Halvorsens sveis, med Gro Harlem Brundtlands solide statur, og med stemme og toneleie lagt to hakk ned. Ho heldt seg til tre prosent oljeinnblanding, men setter ned eit utval etter Magnhild Meltveit Kleppas handlingsregel: «ein follstendige gjønågæng».

BUDSJETTET skal ha Fremskrittspartiets fulle fotavtrykk, men er laga med påhalden penn. Det er all grunn til å gratulera vevar- og skreddarøkonomane i Finansdepartementet med at dei som knappestøyparar har klart å forma nok ein finansminister i sine modellar.

REGJERINGSPARTIA og dei såkalla mellompartia held seg til Jan P. Syses leveregel: «Vi må henge sammen eller bli hengt hver for oss.» Eit anna motto for det såkalla samarbeidet kan vera barneregla «Juksemaker, pipelort, tar igjen og gir bort.» Det er patetisk, men dersom noen blir støtt av at eg bruker det arrogante Støre-ordet, så beklagar eg det. At dei blir støtt, altså.

FRIHETSREFORM var det mantraet Thorhild Widvey lærte av sin kulturelle støttekontakt Knut Olav Åmås før han søkte politisk asyl i Fritt Ord. Det svarer ho, uansett kva spørsmålet er. Brukt på pressestøtte betyr det at jo fattigare ein er, jo meir uavhengig er ein, og jo friare ord kan ein bruka. Ho er med dette døypt om frå statsråd Villvey til kulturbusinessminister Økseskaft.

Artikkelen fortsetter under annonsen

KRONPRINSEN har like dårlig sikt som Harald Heide-Steens russiske ubåtkaptein. På spørsmål om det ikkje er problematisk i hans bransje å fasilitera ein konferanse om skattepolitikk, svarte tronarvingen: «Det er fint å være her i Nord-Norge».

MOSEBØKENE er spennande litteratur med mye action. Men bibelkunnskap som del av allmenndanninga er i tilbakegang, også i denne spalta. For tre veker sidan, laurdagen før 15. søndag etter pinse, fekk Aron æra for å ført Israels-folket inn i Kana'ans land, etter at storebroren Moses hadde vandra rundt med dei ørkenen i 40 år. Det stemmer ikkje. Aron fekk sparken som øvsteprest etter at han hadde fått folket til å dansa rundt Gullkalven. Det var spionen Josva som gjekk over Jordan og fann ut at det lova landet fløymde av mjølk og honning. Joshua fit de battle of Jerico med Gud på si side. Dei marsjerte rundt byen i sju dagar og bles i trompetar, an' de walls came tumblin' down. (Jf. Mahalia Jackson).

Så er det opp til andre å dra parallellar til Anders Lange, Carl I. Hagen, Siv Josva Jensen og busettingar i Palestina, på vestbreidda av Jordan, altså Judea og Samaria.

AFTENPOSTEN demonstrerer stadig med redaksjonelle halar at dommar i PFU om samtidig imøtegåelse skal tas på alvor. Derfor denne: «Via et rojalt medium har Moses fått lese dette innlegget, men ønsker ikke å kommentere det.»