Sanger fra et annet sted

Lunefulle songar med breidde og brodd.

BOK: At nettopp poeten Torgeir Rebolledo Pedersen har oppført fire CD\'ar blant sine utgjevingar, er ikkje vanskeleg å forstå når ein les dikta hans. Eller om ein høyrer dei opplest.

Dikta har ei spesiell vekt på underfundig klang og rytme, på ein musikalitetens absurde logikk og framstår som rare, lett forvridde songar som minner sterkt om noko me aldri har høyrt før. «Pokalen Verden/Vandrende» heiter det ein stad. Og:

Sju års tro munner ut i sju års tvil

Som sones i nye celler

Vi er nølere

Ved soloppgang knapt kalver

Dette er ein poet som syng ut si tru «på bånsullerne», og han skriv om dei mest alvorlege ting med rytmar som like gjerne kan undergrava som understreka innhaldet:«Trokéisk trasket morfar, han diktet vidt og bredt. Tungt for livet. Lett for døden. Tung-lett. Tung-lett. Trokéisk trasket han, i døden plutselig. Han måtte ta til takke med en massegrav. Man sier store poeter dør med jambene på. Morfar rakk ikke å skifte.»

Og det er interessant å sjå at han òg knyter band til Åsmund Olavsson Vinje i fleire dikt og i titteldiktet i samlinga. Diktet «Ferdamenn imellom» er ein uventa vakker tekst om Åsmund og tvisyn og norsk natur.

I det lange diktet «Råtten er min sjuriks røys» talar ein som blei «det bokstaveliges dissident/Metafortro til siste Getsemane»:

Bjelken

i din synagoges øye

Splinten

i moskéen din

Nok en

vissen minaret

Poeten gjev røyst til «røysens konge» som ikkje blir «mett av makt», og dette er vers med vide vidder og lang utsikt; mot Geneseratsjøen og Mexicos gravplassar, mot Hadrians mur og «et sted mellom kjærligheten og hatet befinner en skraphaug seg bestående av pent brukt kjærlighet og pent brukt hat. Verken kjærligheten eller hatet vil vedkjenne seg den.» Det er ein utsikt og ein innsikt i poetens humoristiske bånnsuller og songar som skapar ein uvanleg kritisk brodd. Og denne har ein tendens til å dansa forbi våre kritiske fakultet og umerkeleg ta bustad i vårt sinn, før me eigentleg har bestemt om me vil sleppa dei inn.

Om hjerter som skal henrykkes

Om sekter som skal følge sekters gang