VISER HUD: Linni frå Yoguttene har tatt av seg maska — nesten. Foto: Line Sverdrup
VISER HUD: Linni frå Yoguttene har tatt av seg maska — nesten. Foto: Line SverdrupVis mer

Sanninga om jorda er at ho brenn

Kva skjedde i norsk musikkpresse då landets beste rappar gav ut plate i desember? Ingenting.

Den beste norske plata i 2015 kom for seint til alle års-beste-listene, og ho kom plutseleg, utan video eller anna promo. Kanskje det er derfor ingen har meldt dette meisterverket. Eller kanskje det er fordi dei fleste framleis er i tvil om ein kan ta artisten seriøst. Eit anna problem er plateomslaget, som er ganske merkeleg, og ikkje så salbart. Kva er det det signaliserer? Er det black metal? Eller ambient? Desse assosiasjonane viser seg å vere perfekt misvisande, for på plata finn du tolv spor med tung eksistensialisme over mollakkordar og hissige hi-hattar.

All tekst og vokal er signert Linni. «Handerre» frå Yoguttene har altså korta ned namnet sitt, og levert sitt andre soloalbum. Vekas vers er heile denne plata.

Yoguttene har no herja norsk rap i tre år, og på den tida har dei gitt ut meir musikk enn Karpe Diem har gjort på sine tolv år. Eller, herja og herja; for ein del av oss rapentusiastar har dei herja, for andre ikkje. Meiningane er minst like delte som smaken. Yoguttene er for gode og for underhaldane til at radioane har kunna ignorere dei heilt, og eit par av låtane har vore lista av P3. På den andre sida er dei for vanskelege å avkode til at dei har fått det verkeleg store og breie gjennombrotet. Dei brukar mykje humor, og mange spør seg nok om dei køddar eller ikkje, og om kvifor dei rappar så mykje om is og kulde, babyselar, pengar og fred i verda. Og kvifor har dei eigentleg på seg masker?

Varemerke-masker: Linni og resten av Yoguttene dukker sjelden opp uten ansiktet i skjul. Foto: Øistein Norum Monsen / DAGBLADET
Varemerke-masker: Linni og resten av Yoguttene dukker sjelden opp uten ansiktet i skjul. Foto: Øistein Norum Monsen / DAGBLADET Vis mer

Dei fire rapparane i Yoguttene har utvikla dette universet i lag, og dei uttrykker seg gjennom sin eigen vri på hip-hop-undersjangeren 'trap'. Dei har mytologien til felles, men kvar sine stilar i skriving og flow. At Linni heile tida har vore på veg til ein annan plass, vart tydeleg på Yoguttenes album «$vai», som kom i juni (og også er ei av fjorårets beste norske plater). Her har dei tre andre i gruppa perfeksjonert YG-stilen, og dei har vorte endå dyktigare til å rappe, heldigvis utan å verte kjedelege. Men kvar gong Linni dukkar opp, er det som om me høyrer ei anna plate.

No har Linni tatt det neste og heilt naturlege steget, og laga eit mørkt og personleg album heilt utan gjestar; me høyrer berre trap-beats og hans eigne stemmer. «Minimum» er eit album som i mine øyrer handlar om det heilt umoglege i å leve, og det endå meir umoglege i å ikkje leve — så lenge livet er så fullt av musikk og anna skjønnheit. Linni har lagt frå seg det meste av humoren, men han har heldigvis ikkje lagt frå seg maska, ikkje heilt. Det er framleis kunst, og autotuneknappen er framleis på. Gi ein mann ei maske, og han vil fortelje deg sanninga, sa Oscar Wilde, som visste at sanning ikkje handlar om fakta.

Høyr Linnis tidlegare materiale igjen, og det er tydeleg at «Minimum» ikkje berre er eit naturleg, men eit uunngåeleg steg. For alvoret og sårheita har heile tida vore der og lurt under overflata. Og sjølv om tonen no er annleis, brukar han mange av dei same bileta som før; han skriv om glas, krystallar og stjernestøv, han skriv om å falle, om å verte slukt av havvatn, eller gravlagd av oske, flammar og is. Ustyrlege naturkrefter brukt som effektive bilete for å beskrive eit like kaotisk indre. Eit indre som gjer kunstnaren så hypersensitiv at berre det å gå på jorda er skremmande, for det kjennest som å gå på papir, og Linnis lidenskap sender ut gneistar og truar med å setje fyr på underlaget (i låten «Balanserer»).

Heldigvis har Linni ein kjæraste han er glad i, og han har musikk og han har rus, men alt anna er vanskeleg. Derfor isolerer han seg. «La meg leve mitt lille loke-liv» seier han i «Menar». Linni klarer ikkje at folk er stygge med kvarandre. Han vil ha kjærleik, og at folk er snille. «Derfor e jeh ikke utpå byen noe lengar / slangene kan snike på de fineste av engar» («Alene hjemme»).

Tungt og trist stoff, ja visst, men det er alltid inspirerande å høyre på Linni. Han snakkar om dei vanskelege tinga på ein lett, elegant og hjarteskjerande musikalsk måte. Og det er heilt fritt for syting. Det er musikk ein kan dykke ned i — for å verte lyfta opp.

På ein av dei to litt lystigare låtane på plata, «Hva da», ser det ut til at han oppsummerer vegen sin så langt. Teksten gir eit innblikk i kvardagslivet til Linni, og han fortel om tankane kring det å lage sin eigen musikk, og å tore å tru på det. På refrenget kjem alvorsorda: «Vi kan alle føle frykten / du må håndtere den når alt kommar til alt / for dagen kommar når du må konfrontere musikken / å speilbilde forsvinnar jennom nevene så sand».

Å konfrontere musikken er eit ordspel med god meining. Det kan tolkast som ei omsetjing av det engelske uttrykket «to face the music», som tyder å innsjå realitetane. Me kan òg lese uttrykket bokstavleg, men resultatet vert stort sett det same, for musikken er heile livet, i alle fall i denne bobla som er Linnis univers.

Linnis utvikling handlar om ein kunstnar som er på leiting etter seg sjølv, ikkje fyrst og fremst som kunstnar, men som menneske. Han er einsam, og heile tida i tvil om kven han er, eller kven han er forventa å vere. Kanskje det er derfor han òg rappar så mykje om speglingar. Han kjenner seg framand. Han er ikkje heime nokon stad. Linni er alltid mellom noko; han fell inn og ut av seg sjølv, han er mellom barndom og vaksenliv, og mellom draum og verkelegheit. Han er i «Gråsonen» og «Balanserer» heile tida, prøver i alle fall. Og kva er eigentleg sant? I ein av tekstane seier han: «D' vanskelig å skille mellom sannheten og minnene».

Når eg høyrer på Linni, går tankane mine ofte til boka «Lyvekunstens forfall» av Oscar Wilde: «Livet er ikke det som det utgir seg for å være — virkelighet. Samtidig er det ikke det som det ikke er — illusjon. Denne dobbelthet er det bare kunsten som kan uttrykke.»

Denne dobbeltheita merkar eg svært sterkt hos Linni, og i rap vert denne dobbeltheita fleirdimensjonal. For éin ting er teksten, ein annan ting er lyden. Og trass i alle dei tunge tankane, og den presise poesien: Som alle gode rapparar set Linni lyden og stilen fyrst. Frå naturens side har han ei svært behageleg, varm og metallisk stemme, og han skiftevis rappar og syng, heile tida lett og naturleg. Han har uendeleg med flows og melodiar. Han kviskrar, og syng i fistel, og han strør rundt seg med diskrete koringar og såkalla «ad libs». Han er så bevisst på desse ekstralydane at dei av og til får bestemme innhaldet, til dømes i refrenget på «Eh/okeh». (Du kan sjølv sjå den lydnære og interessante måten Linni transkriberer denne teksten på til høgre.)

Språket er brei fin-bergensar. Det er det kanskje ikkje noko som heiter, men slik høyrest det ut i mine øyrer. Og sjølv om rappen er svært melodisk, høyrer du den sjølvbevisste bergenske snakkinga tvers gjennom. Han veit kanskje ikkje kven han sjølv er, men i musikken er konturane hans krystallklare. Sjølv når der er to lag med autotune, eller når han har eit bevisst mumle-flow, så er nærværet så stort at eg får lyst til å strekke ut ei hand og ta på ein lyd. Og nei, det er ikkje «berre å slå på autotune-knappen». Å beherske denne vokaleffekten er ein eigen kunst, og det er fullt mogleg å synge falskt og dårleg med autotune.

Mens denne unaturlege vokaleffekten slangar seg inn og ut av både kunstnaren og språket, og hi-hatten freser fortare og i meir avanserte mønster enn eit menneske kan spele, så kjempar Linni med og mot den nifse naturen, både i og utanfor seg sjølv.

Sanninga om jorda er at ho brenn

Endå eit sitat frå «Lyvekunstens forfall» av Oscar Wilde: «Kunsten er vår åndelige protest, vårt galante forsøk på å vise naturen dens rette plass.»

Eg håper du les dette, Linni, for eg skulle helse deg frå isbreane, Oscar Wilde, fuglane og fiskane, Atlanta, Stendhal, vulkanane og havet, og seie: Tusen takk, og maksimum respekt.