Scener frå eit levd og skrive liv

Han måtte finna opp sitt eige skriftspråk for å fanga si eiga stemme og forløysa sitt livs- prosjekt.

BOK: Arthur Arntzen frå stusslegstugu er ein rotekte og rotkjær mann med bombesjokk frå barndommen. Han er snill og blyg, men også ein hund etter anerkjennelse frå det urbane kaldfliret som kan stryka han med håra, men som ligg på lur for å ta han. Han har voldsomme bok- og teatersuksessar bak seg, han blei professor II i filosofi ved universitetet, og han står på sokkel i heimbyen, men samtidig har han aldri nådd over det finkulturelle flomålet i småbyen.

Fenomenet Oluf

Det er ikkje lett å unngå å anmelda fenomenet Oluf/Arthur Arntzen, og det er i tråd med boka, for ho er ei blanding av sjølbiografi og hagiografi, minnebok og portrett – ført i pennen i saumlaus overgang av AA på dialekt og hans Samlaget-forleggar Kjell Snerte på nynorsk. I tillegg rikelig med foto, margtekstar med rosande omtaler og utdrag av «det beste» frå Oluf og AA gjennom åra.

Eg har stor godhug for mannen og livsprosjektet, men eg blei i grunnen mindre glad i Oluf etter å ha lese denne boka, og det gjekk litt ut over Arthur Arntzen også. Det skuldast vel at det blei for mye av det gode. Tonen i boka er lun og varm, utan avstand og forbehald, på grensa til det pompøse og skrytande. Men den defensive aggresjonen ligg like under overflata: Innvendingar og kritiske røyster mot Oluf-figuren blir tolka som uforstandige, overlegne, smålige og nedlatande, og i tillegg som uttrykk for svik og sjølforakt, om dei er nordnorske. Det er mest så ein får lyst til å skriva pent om Odd Sønvisen og Kjetil Rolness og deira pirking i Arthur Artzens bilde av den fordømte nordlendingen. Det ville vera ein sunn reaksjon – i tråd med noe av kjernen hos den gode Oluf/AA: Når det blir for mye stas og ros og opphaussing og korrekthet, er det ein sunn reaksjon å gripa etter sin penn og bli ertande og satirisk.(Her bryt Oluf inn med ein kommentar: «Du ser bjælken i din eien splitt, mæn du ser ikkje bror din i aue».)

Arntzens livsprosjekt

Eg har stor respekt for Arthur Artnzens prosjekt og trur eg har forstått kva han vil. Det er fortenestefullt; det er velsigna; det er tappert, og det er ein suksess. Men når Hellig-Oluf blir gjort til ein nordnorsk husgud som fullboren tolk, undergrev det dobbelheta ved figuren og Arthur Arntzens mangesidige prosjekt.

Oluf kan tulla med konge og biskop og andre prominensar, men ingen kan tulla med Oluf utan at hans alter-ego slår fryktelig tilbake. Arthur Arntzen er ironisk, men sjølironien skal han stå for sjøl. Når noen kritiserer den figuren han sjøl seier han har eit ambivalent forhold til, er det som om Oluf tar makta over Arthur. Då er det ikkje mye evne til å stå han av med skjemt og eit usårlig smil. Han får overtenning og blir som ei myrsnipe i forhold til den figuren han har skapt.

Språklig nybrottsarbeid

Kjell Snerte tolkar alt den mangslungne Arthur Arntzen har drive på med som lausarbeidar, fotballspelar (40 år samanhengande, med 17 sesongar på A-laget til TUIL), organisasjonsmann, samfunnsengasjert journalist, artist, bystyrepolitikar for Venstre og medlem av Verdikommisjonen som kjelder for tilfang til det store livsprosjektet: å fanga den nordnorske folkesjela i gudstru, sjølmedvit og språk – hvori opptatt bannskap.

Det har han klart – ikkje minst gjennom språklig nybrottsarbeid. Bokmålet hans kling som eit framandspråk. Han måtte finna opp sitt eige skriftspråk som uttrykksform for å fanga si eiga stemme og forløysa sin eigen stil.

Alvorlig leik med myter

Arthur har leika seg med og i mytene. Til klager over at det skadar omdømmet til det moderne Nord-Norge, er svaret at nordlendingane hans er frå den nære fortid, og at han aldri – verken i skrift eller tale, har prøvd å karakterisera dagens nordlending: «Jeg kjenner ham ikke godt nok til det, men tror han er som folk flest her i landet, altså ikke særlig genuin.»

Det skillet er knapt mulig å trekka når det er myter ein balar med, og når ein gjer det så suverent aom AA. Då tar mytene definisjonsmaktamakta frå både forfattar og lesarar og breier seg ut i tid og rom. Og då må opphavsmannen finna seg i at noen ber seg fritatt og melder seg ut av dette virkelighetsbildet.

Skuffede forventninger

Ettersom denne bokomtalen står i Dagbladet, høyrer Arthurs såre avskjed med avisa etter 17 år, med i bildet. Firmaet som laga den populære Dagbladet-kassetten, gjekk konkurs. AA fekk ikkje honorar og måtte sjøl dekka alle utgifter, noe han meinte var høgst urimelig. Dagbladets styreformann svarte: «Bruk av Dagbladets høyst tiltrengte midler som plaster på Deres skuffede forventninger kan jeg ikke finne moralsk forsvar for.»

Artisten Arthuro er også forretningsmann.

Fattigguten er godt framfødd, og det er han vel unt. Som han sa med eit skeivt smil til Lofotposten i Olufs barndom: «Klekkelige honorarer og folks glade latter er belønning nok for meg. Å være tildelt en kremmersjel kan på mange måter være like bra som å eie en kunstnersjel.»

Den sanne klovnen

Arthur har kapitalisert Oluf, noe gamlingen i Rallkattlia ikkje lar vera å kommentera: Det er han som er helten, så Arthurs forteneste er hans forteneste.

Slike dobbelheter er ein kjerne i Arthur Arntzens livsprosjekt av skjemt og alvor, galskap og sentimentalitet, morskap og bodskap i same pakke. Den som elskar Tor Jonssons poesi har ei depressiv side og ei sart sjel i tillegg til det store vågemotet. Som forløysaren Håkon Karlsen skreiv i eit rimbrev til Oluf/AA: «For klovnen er oftest en todelt mann, først da blir han sann».