Segregert: Medan popen feira seg sjølv med eit storslege festfyrverkeri på Sentrum Scene, vart «sjangerprisane» avfeia med ein lite glamorøs, halvregissert seanse på Sentralen, skriver innleggsforfatteren. På bildet: Årets nykommer Astrid S. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Segregert: Medan popen feira seg sjølv med eit storslege festfyrverkeri på Sentrum Scene, vart «sjangerprisane» avfeia med ein lite glamorøs, halvregissert seanse på Sentralen, skriver innleggsforfatteren. På bildet: Årets nykommer Astrid S. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixVis mer

Debatt: Spellemannprisen

Segregeringa under årets Spellemann var total, mellom popen og røkla

Hovudshowet var høgst demotiverande for alle som ikkje måler suksessen sin i Spotify-streams.

Meninger

«Målet med Spellemannprisen er å hedre, inspirere og motivere alle musikere og å styrke samholdet i musikkmiljøet, på tvers av sjangre. Gjennom et stjernespekket show presenteres et utvalg av det store mangfoldet som finnes innen norsk musikkliv.»

Slik skildrar Spellemann seg sjølv på heimesida si. Men hovudshowet til Spellemann 2016 var høgst demotiverande for alle som ikkje måler suksessen sin i Spotify-streams. Og kor var samhaldet? Segregeringa var total, mellom popen og røkla.

Segregeringa under årets Spellemann var total, mellom popen og røkla

Medan popen feira seg sjølv med eit storslege festfyrverkeri på Sentrum Scene – slik Musikk-Noreg bør feire seg sjølv – vart «sjangerprisane» avfeia med ein lite glamorøs, halvregissert seanse på Sentralen som minte mest om årsmøtet til eit mellomstort statleg direktorat. Til overmål gjekk sjangerprisane i reprise på TV, så all spenning kring kven som vann, var vekk.

Produksjonsselskapet Rubicon, og i fjor Monster, er flinke folk, gode på TV. Men dei treng eit klart mandat frå Spellemann AS til å lage ei TV-sending som tek heile Musikk-Noreg på alvor.

Kategorien folkemusikk/tradisjonsmusikk hadde for 2016 felles jury med danseband, country, blues og viser. Den jamne country-ekspert kan ikkje vurdere om det er Ottar Kåsa eller Lars-Ingar Meyer Fjeld som har lukkast best med hardingfelespel frå Telemark på plate. Folkemusikkekspertar flest er heller ikkje storkonsumentar av visesong, country, blues og danseband.

Korleis er det for ein artist å vite at nokre av dei som skal vurdere utgivinga di, ikkje kan ha ein snev av grunnlag for å seie kva som er bra og dårleg med henne?

Men kvifor skal Spellemann sjølv i det heile bale med arbeidet med å setje saman juryar? Audun Reithaug, dagleg leiar i Norsk Viseforum, tok i Dagbladet 31. januar til orde for at «sjangerorganisasjoner som representerer fagkunnskapen i feltet, bør ta og få ansvar for å sette sammen juryene. Norsk Viseforum, Jazzforum, Norsk Bluesunion og FolkOrg kunne alle gjort dette, på samme måte som TONO setter sammen egen jury for tekstforfatter og komponistpris».

Ideen er glimrande, og både Spellemann og sjangerorganisasjonane må følgje han opp. Det er umogleg for Spellemann å ha oversikt over kven ute i sjangermiljøa som er best eigna til å sitje i juryane, og som samstundes ikkje er inhabil – delaktig i produksjonen av altfor mange plater det året.

Spellemann ønskjer å syne fram mangfaldet i norsk musikkliv, ikkje berre norsk plateproduksjon. Kva med å vise mange korte TV-produksjonar i vekene før hovudshowet, og presentere for heile Noreg kva som skjer i dei ulike sjangrane nett no – folkemusikk, visesong, urban, metal, samtidsmusikk og alle dei andre?

Då blir Spellemann den musikkfesten, og den feiringa av mangfaldet i Musikk-Noreg, som både vi og dei sjølv ønskjer at Spellemannprisen skal vere.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.