Å BRUKE HANDLEKRAFT:  Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (FrP) og kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).  Foto: Torstein Bøe / NTB Scanpix
Å BRUKE HANDLEKRAFT:  Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (FrP) og kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).  Foto: Torstein Bøe / NTB ScanpixVis mer

Selektiv handlekraft

Slike barn høyrer ikkje vårt rike til.

Kommentar

DENNE VEKA var det supermåndag i 46 kommunar, og moderniseringsminister Jan Tore Sanner gjekk på nye nederlag med det same, usårlige smil. Noen gonger er politikk å selja gummistrikk i metervis. Sanners variant er å selja intensjonar og sukkerspinn etter volum og ikkje etter tyngde og vekt.

MÅLET VAR å koma ned i 100 robuste kommunar. Nå er sanneringsministeren nøgd dersom det blir under 400. Men for all del; det skal Sanner ha: Det er to dusin fleire fusjonar enn det Erna Solberg fekk til som jernhard kommunalminister.

KVISLEIS Jan Tore Sanner (Bærum) kan bruka handlekraft for å koma lenger, må ein ta eksamen på Gjøvik for å forstå. Når verken folkerøystingar med tippekupongar eller tilpassa innbyggarundersøkingar nyttar, og kommunestyre, fylkesmenn, regjeringa og Stortinget skal ha eit ord med i laget, finnest det ein utveg som kan gje litt ekstra verdiskaping og pengar til idrettens reiserekningar på kjøpet: Betting på kva som blir det endelige utfallet etter ekstraomgangane. Oppdraget kan settast bort til Norsk Tipping som har erfaring med Oddsen, men då vil vel ESA gripa inn og forlanga at også utanlandske spelselskap og John Arne Riise får koma på banen.

INNSTRAMMINGS- og ekskluderingsministeren er listhaugianaranes og folkets favoritt, men Framstegspartiet slit på meiningsmålingane. Dei buklanda på Rygge og har svikta pensjonistane. Siv Jensen innfører nye skattar, og det hjelper slett ikkje at dei går under merket «grøne» i eit parti som har meint at klimaendringar er noe sosialistar og andre vonde menneske har funne på for å plaga folk flest med fleire reguleringar, skattar og avgifter.

MIGRANTAR og flyktningar lever ikkje opp til prognosane. Dei kjem ikkje lenger syklande og symjande eller blir borne på gullstol over norskegrensa. Då blir det lite trålfiske av veljarar. Per Sandberg må halda seg til juksa og andre mindre effektive fangstmetodar.

MEN SYLVI LISTHAUG veit råd. Ho drog til Sicilia utan overlevingsdrakt og stilte i kombinertøvinga empati og embargo: Det er heilt grusomt med små barn som druknar i Middelhavet, men la ikkje slike koma til oss, for slike høyrer ikkje heime i mitt himmelrike. (Fritt etter Matt 19,14) Så fór ho derifrå.

ARBEIDERPARTIET har nok med sin eigen familiepolitikk. Hadia Tajik har skilt seg og Trond Giske har fått barn, mens Jonas Gahr Støre er blitt bestefar, skriv kronikkar og prøver å gå på vatnet. Partiet sit stille i båten som vinglar, snakkar uklart og meiner minst mulig. Det kan visa seg å vera vellykka i 2017, for det er ein kopi av Høgres strategi før valet i 2013.

VI UNNGJEKK bryggeristreik og drikkevareforeningas underhaldningsdirektør Petter Nome pustar letta ut. Han skålar nok i avansert handverksøl og ikkje i tynn og masseprodusert utepils. Men streiken ville uansett blitt stoppa med tvungen lønnsnemnd av ei regjering med selektiv handlekraft. For liv og helse og viktige samfunnsinteresser sto i fare dersom nordmenn ikkje hadde fått sitt sommarøl i godvêret.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.