Senatet som aldri vart

Lagtinget vart aldri noko senat etter amerikansk mønster og i dag vert det avvikla; avløyst av historie. Kva bør lagtingssalen brukast til no? Aller helst som talarstol for verdas fremste samfunnsvitarar, filosofar og andre flogvit.

Amerikanske tankar flaug over Eidsvoll i 1814. Der meinte Johan Gunder Adler og Christian Magnus Falsen at Lagtinget skulle byggjast over same leist som Senatet i USA. Dei ville at lagtingsmennene til liks med amerikanske senatorar skulle veljast for seks år – mot to år for dei meinige representantane i Odelstinget. Alle dei folkevalde der skulle møta veljarane annakvart år, medan berre ein tredjedel av lagtingsmennene var meint å veljast eller veljast opp att i lag med dei. Dette svara noggrant til den amerikanske ordninga med val til senat og representanthus, som framleis gjeld.

Aldersgrensa for lagtingsmenn var òg tenkt å vera høgre enn for mennene i Odelstinget: tretti mot einogtjue år. I tillegg laut dei norske senatorane ha midel og innkomer over konstitusjonelt sette grenser. Såleis skulle Lagtinget vera staden for dei fremste menn i landet: ansvarlege, ubundne og lovkunnige i eit overhus merkt av sindig ro og ettertanke; lett skjerma frå folkeleg ståk og lause flogtankar. Men: Riksmøtet på Eidsvoll avviste den amerikanske senatstanken til Adler og Falsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Resten er historie: Sakte, men sikkert har Lagtinget vorte bokstavleg tala meiningslaust. Møtelenga konvergerer mot null og inkje; i denne valbolken er «rekorden» eitt minutt og sytten sekund. Den 20. februar 2007 røysta berre éin tingmann mot grunnlovsframlegget om å gravleggja Lagtinget. I dag vert det siste lagtingsmøtet halde. Etter valet i haust kjem tingmennene til å setja møte, debattera og votera berre i stortingssalen.

Tidlegare var stortingsbygningen svakt symmetrisk: Lagtingssalen kunne òg skimtast frå utsida. No er han heilt gøymd av eit såkalla nybygg frå etterkrigstida. Lagtinget har i røynda vorte bygt inn til eit fysisk, men nær usynleg midtpunkt på Løvebakken.

Sjølve salen er ein slags kopi av stortingssalen. Småskala og lett annleis. Berre to sete for statsrådar. Lengst bak: ei rad stolar attmed vindauga for eventuelt nyfikne odelstingsrepresentantar. Ifylgje lagtingspresident Inge Lønning kjem riksantikvaren etter alle solemerke kjem til å stogga tida der inne. Alt innbu, alle fargar, all rørsle: frys.

Det er det usynlege som fyrst og fremst er ved å kverva no, det er: sedvanen i Lagtinget med opningsinnlegg utan noka tidsavgrensing. Desse vide råmene har sjeldan merkt lagtingsmøte, men merket det stend: Talarstolen i Lagtinget har gjeve ytringsfridomen faste koordinatar både i tid og rom. Det er denne talarstolen Stortinget bør halda i hevd og gje ny meining til.

I regelen kan berre tingmenn og statsrådar ta ordet og koma til ords på dei to talarstolane på Stortinget. Ingen regel utan unnatak: Den 13. mai 1948 tala Winston Churchill framføre eit breiddfullt publikumsgalleri og eit fullsett storting (unnateke kommunistrepresentantane, som gjekk ut på plenen, til Studenterlunden): «Eg ynskjer Noreg alt godt. Eg ynskjer dykk tryggleik, eg ynskjer dykk fred, eg ynskjer dykk fridom. Og eg er viss på at Stortinget vil visa seg å vera den sikraste vaktaren av alt dette», slutta Churchill. Sidan då har visstnok ingen strangers – som gjester vart kalla i Underhuset før – fått tilgjenge til nokon av dei to talarstolane. Jamvel framlegg om å sleppa til Nelson Mandela kom ingen veg.

Endring er berre eit vedtak unna. Stortinget kan opna talarstolen i senatet som aldri vart for andre enn norske tingmenn og statsrådar. Jamsides kvardagen i stortingssalen bør lagtingssalen brukast som råme kring den årvisse lagtingsførelesinga. Stortinget avgjer kven som skal inviterast, og han eller ho får ein million amerikanske dollar i godtgjersle. Det held ikkje berre lenge, det held til å få kven det skal vera. Kva skal gjestene tala om og argumentera for? Jo, den raude tråden lyt vera variasjonar over dette:

John F. Kennedy fekk Pulitzer-prisen for boka Profiles in Courage. Nett djervskap kjennemerkte dei åtte amerikanske senatorane som han skreiv lovord om: John Quincy Adams stødde ein tariff som førde til konkurs og sveltihel i heimstaten Massachusetts. Republikanaren, protestanten og fråhaldsmannen George N. Morris møtte sterk motbør heime i Nebraska då han gjekk ut og bad veljarane stø presidentkandidaturen til demokraten, katolikken og alkoholliberalisten Al Smith i 1928.

Kennedy lyfte fram senatorar som vart ståande som faste pålar medan folkemeininga rann som ein storflaum framom dei. Dei gav ikkje etter, flaut ikkje med, men gjekk i seg sjølve og handla i samsvar med eigne prinsipp og djupe overtydingar. Stundom med store kostnader, politiske som personlege:

«Eg stirde ned i mi opne grav», siterte Kennedy frå dagboka til senator Edmund G. Ross. «Venskap, status, alt som er viktig for eit menneske, var ved å kverva som dogg for sola, kan henda for alltid.» Den sekstande mai 1868 var det røysta til Ross som gjorde at president Andrew Johnson vart frikjend i riksrettssaka mot han. Den unge og ferske senatoren frå det republikanske Kansas hadde stått imot eit nær umenneskeleg press frå sine eigne, frå heimstaten, frå partifelagane. Han vart ikkje attvald til Senatet etter denne fyrste perioden og vende i 1871 tilbake til Kansas i skam og vanære.

Såleis skreiv Kennedy om politisk mot og integritet. Og synte korleis desse fenomena tidvis hadde ovra seg nett i det amerikanske senatet. Korkje mot eller integritet er alltid einfelt å definera eller måla. Like fullt: I eit hav av skiftande folkevilje må det finnast folkevalde, samvitsfulle menn og kvinner som av og til står på sitt, står fast og peikar ut leia.

Alt dette, alt ovanfor og meir til, bør lagtingsførelesingane handla om. Stortinget lyt tenkja klårt, sikta høgt og få dei fremste lærdomsmenn i verda – openberre statsmenn, framifrå filosofar, samfunnvitarar og andre flogvit – til å koma til lagtingssalen å tala om politisk djervskap, folkestyre og konstitusjonell arkitektur. Her kan tankar frå det A. O. Vinje kalla «Verdsens det store Vit» brytast lik solstrålar i bylgjene. Hit bør dei koma – Harvard-professor Alberto Alesina, Sir Edward Kennedy eller liknande, kan henda Jürgen Habermas, moglegvis nobelprisvinnar James M. Buchanan, definitivt Jon Elster; ein etter ein – for å lysa opp det kraftfeltet norsk politikk og det konstitusjonelle demokratiet vårt bør vera og kan verta. Det burde ikkje vera vanskeleg. Etter funnet av olje på Ekofisk-feltet er alt mogleg.