Sensasjonar på havsens botn

«Det er morsomt hver gang noen oppfinner kruttet på ny - det smeller litt hver gang!»

I tre nummer på rad (6. 7. og 8. februar) hadde Dagbladet sensasjonsoppslag om dokumentfunn i Narvik: «Tyskernes plan for å ta Norge er nå trolig funnet ... det som kan være nedtegnelsene for 'Operation Weserübung'.»

«Helt fra krigen og til denne dag har tyskernes invasjonsplan vært sporløst forsvunnet. Ingen komplett plan er så langt kommet historikerne i hende, bare fragmenter og en del skriftlige ordrer har man fått hånd på. Hitlers komplette invasjonsplan regnes for en av de store lekkerbiskener blant våre historikere.»

Nils Ryeng, som i mange år har arbeidd med Narviks krigshistorie, ser med tvil på sensasjonen, og «blir overrasket hvis materialet fra 'Anton Schmitt' inneholder ukjente opplysninger» (Dagbladet 8.2.). Det er han ikkje åleine om. Store dokumentmassar frå det grundige og detaljerte forarbeidet til «Weserübung» har vore lett, og offentleg, tilgjengelege i halvhundre år. Dei er flittig studert og kommentert av fagfolk i mange land. Men, som Hallvard Rieber-Mohn ein gong sa: Det er morsomt hver gang noen oppfinner kruttet på ny - det smeller litt hver gang!

Storadmiral Raeder var utan samanlikning den viktigaste drivkrafta og talsmannen for å skaffa Tyskland kontroll over norske hamner. Dette var eit tiltalepunkt mot han ved krigsforbrytardomstolen i Nürnberg etter krigen. Aktorat og forsvar dokumenterte då mengder av aktstykke til emnet. Norsk presse fylgde rettssaka med stor interesse. Alle rettsdokument er offentleggjorde i ein stor serie på over 40 bind. Det kan ta tid å gjera seg kjend med dette stoffet og finne fram i det. Dokumentasjonen er ofte spreidd over fleire bind. Men der er snarvegar, for litteraturen om «Weserübung» er innhaldsrik.

Hitler har personleg signert eitt dokument med tittelen «Weisung für Fall 'Weserübung'». Det er datert 1. mars 1940. Lettaste måten å finne det på er å slå opp i dokumentdelen av Walther Hubatsch: «Weserübung». I utgåva av 1960 vil ein finne det på side 439. Hitlers «Weisung» inneheld generelle retningsliner. Den militære planlegginga vart utført av spesielle stabar, først ei sentral og topphemmeleg planleggingsgruppe, så meir detaljert av von Falkenhorsts stab i hans Gruppe XXI. «Operationsbefehl der Gruppe XXI für die Besetzung von Narvik vom 12. März 1940» står hjå Hubatsch på side 445.

Den militære planlegginga er overmåte grundig utført. I 1971 registrerte eg i alt 46 tilleggsdokument («auf Weisung für Fall Weserübung erlassene Anordnungen und Befehle»). Dette er berre ein liten del av den dokumentmassen som meir eller mindre kastar lys over operasjonen. Går ein ned på lågare kommando- og operasjonsnivå, aukar talet tilsvarande. Dette er ikkje staden til å gå i detaljar. Men det er rikeleg med interessante oppgåver å ta fatt på, og dei er lette å finne fram til.

«Weserübung» var ein heilt uortodoks, kjempestor og overmåte risikabel kombinert operasjon, eit strategisk overfall utan sidestykke i krigshistoria før 1940. Det var rg eit meisterstykke i stabs- og kontorarbeid, som etterlet seg store mengder aktstykke av dei mest ulike slag, allmenne retningsliner, operative ordrar, supplerande instruksar, alternative planar, politiske vurderingar, etterretningsmateriale, drøftingar på mange plan, dagboksnotat av sentrale personar, omhyggelege analysar ofte ned til reine detaljar.

Den tyske marinen tok godt vare på sine arkiv, og toppfolk presiserte at dei ikkje ville øydeleggje dokument ved kapitulasjonen. Raeder var ein av dei. Han meinte at han trygt kunne stå for det han hadde gjort. Dei allierte på si side la stor vekt på at tyske akter skulle gjerast tilgjengelege. Dei er opna for interesserte gjennom mikrofilm-seriar som for det meste utan vidare kan studerast, og kopierast, i store arkiv i London, Paris, Washington og fleire stader i Tyskland.

Hypotesen om sensasjonen i Narvik byggjer på ein tankegang som ser om lag slik ut: Det finst ein stor, samlande totalplan for invasjonen. Den har, blir det påstått, aldri kome for dagen, før den nå altså på ein eller annan måte dukka opp i Narvik. Berre fragment har forskarane til denne tid fått tak i.

Dette er å snu opp ned på det faktiske. Den store, samlande planen er bygd opp av det ein gjerne kan kalla fragment, men kanskje heller delplanar, som gjeld for kvar sin spesielle part av den veldige operasjonen. Det store, presise og samlande biletet kan ein berre finne fram til ved å samle og samføre dei mange element.

Hitlers «Weisung» fører opp dei store linene, på eit par knappe sider. Retningslinene i «Weisung» ligg til grunn for tilleggsdokument og vidare utforming. I 1971 registrerte eg som nemt i alt 46 slike som direkte utfyller Hitlers «Weisung» , og det er berre ein liten del av den dokumentmassen som meir eller mindre direkte kastar lys over operasjonen. Går ein ned på lågare kommando- og operasjonsnivå, aukar talet tilsvarande. Dette er ikkje staden til å gå i detaljar. Men det er rikeleg med oppgåver å gå laus på, også utan å søkje sensasjonar på havsens botn.