GOD DYREVELFERDSPOLITIKK: Eit nyansert syn på spørsmål og tema får ein gjennom kunnskap og erfaringar. Rundt pelsdyrnæringa er det mange ulike meiningar, skriver artikkelforfatter. Foto: Alf Ove Hansen / Scanpix
GOD DYREVELFERDSPOLITIKK: Eit nyansert syn på spørsmål og tema får ein gjennom kunnskap og erfaringar. Rundt pelsdyrnæringa er det mange ulike meiningar, skriver artikkelforfatter. Foto: Alf Ove Hansen / ScanpixVis mer

Dyrevelferd:

Senterpartiet er eit parti av dyrevennar

Det opplyste folk ser at Dyrevernalliansen er ein organisasjon med ein agenda, nemleg å ta Senterpartiet og stolte norske bønder.

Meninger

Som dyrlege med arbeidserfaring frå fleire europeiske land meinar eg at eg har ei viss innsikt i dyrevelferda i Noreg. Som kjent er velferda, og dyrehelsa, i verdsklasse. Ingen land i verda brukar mindre medisinar på dyra enn her, og det er ein god indikator på at dyra er friske og har det godt. I ei tid der kampen mot antibiotikaresistente bakteriar blir meir og meir alvorleg er det viktig å minna det norske folket på kor heldige dei er som får servert trygg mat frå friske dyr, utan systematisk bruk av medikament.

Verdas beste dyrehelse og -velferd skal ein likevel ikkje ta for gitt. Viktige faktorar her er storleiken på besetningar, geografisk spreiing utover heile landet, og ikkje minst at det er familielandbruket som er vanleg her i landet. Alle desse faktorane er under press frå den sitjande regjeringa. Dei vil ha større einingar med fleire dyr, og konsentrera dei i dei mest fruktbare områda på Jæren, i Trøndelag og Austlandet.

Vidar Nedrebø
Vidar Nedrebø Vis mer

I tillegg vil dei opna for at norsk og internasjonal storkapital skal få kjøpa seg inn i næringa. Konsekvensen av det siste ser ein i andre land der butikkjeden eig heile produksjonslinja frå jord til bord, og alle innvolverte er billeg arbeidskraft som stemplar ut 15:30, sjølv om det ligg ei sjuk ku på bås. Dette siste dømet har eg sjølv opplevd.

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Kva parti har den beste politikken for dyra?», spør Dyrevernsalliansen i si partisamanlikning. Deretter kjem ei rekke førehandsbestemte terningkast på vagt grunnlag. Det opplyste folk ser at dei er ein organisasjon med ein agenda, nemleg å ta Senterpartiet og stolte norske bønder. Argumenta dei brukar mot Sp tel mindre hjå dei andre partia. Derfor grip eg til tastaturet for å stå opp for dei som vert urettmessig behandla, for nei, Senterpartiet lar ikkje dyra lide. Senterpartiet er eit parti av dyrevennar.

Fyst vil eg bare visa til eit lite utdrag av Senterpartiet sitt program (side 23):

Den som eig dyr, skal sikre at dyra har gode forhold. Senterpartiet vil føre vidare og utvikle eit godt og strengt regelverk for dyrevelferd, basert på kunnskap om behova som dyr har. Mattilsynet må ha tilstrekkeleg med ressursar til å drive god rådgiving, hyppig kontroll og ha eit målretta samarbeid med produksjonsnæringane, og i tillegg fokusere på ein tilsvarande høg standard for kjæledyra.

Sp visar til Mattilsynet si viktige rolle, og med nok ressursar vil dei kunna utføra dei oppgåvene andre vil at eit dyrepoliti skal utføra. Den sitjande regjeringa har kutta stort i midla til Mattilsynet, og dette kjem Senterpartiet til å reversera når dei kjem i regjering. Fokuset vårt ligg på kunnskap, innsikt og erfaring, hjå dyreeigar, Mattilsynet og veterinærtenesta. Dette har ein lukkast med her til lands, ellers hadde norsk landbruk ikkje hatt det fokuset på den gode dyreveldferda ein har i dag.

Viktig er det og at «Senterpartiet vil styrkja veterinærtilbodet med meir middel til den kommunale vakttenesta og veterinære reiser, gjennom geografisk differensierte tilskot.» Dette punktet kan Dyrevernsalliansen ha oversett, men dette er avgjerande for at det skal vera hjelp å få når store og små dyr vert sjuke rundt omkring i landet vårt.

Senterpartiet legg og inn milliarder i ein tiårig investringspakke for ombygging og nybygging av moderne husdyrbygningar der dyreveldferd er i fokus. Lausdriftskravet Sp innførte i regjering vart utsett, men for å oppnå dette må ein ha investeringsmiddel, spesielt retta mot dei små og mellomstore bruka som held oppe busetnad, sysselsetting og kulturlandskap over heile landet.

Eit nyansert syn på spørsmål og tema får ein gjennom kunnskap og erfaringar. Rundt pelsdyrnæringa er det mange ulike meiningar. Eit fleirtal på Stortinget, av H, Frp, Krf og Sp, lytta til eit fagleg utval sitt råd om å oppretthalda næringa, mot at det vart endå strengare fokus på velferd. Kor mange i Dyrevernsalliansen som har besøkt ein pelsdyrgard (i dagslys) veit eg ikkje, men mange får eit anna syn på saka når dei får gjera vurderingar ut ifrå eigne inntrykk enn ifrå myter og propaganda.

På fleire tema er Dyrevernsalliansen heilt på linje med Senterpartiet, og eg vil minna om at Sp i vår bad regjeringa innføra tilskotsordningar for å betre ta hensyn til dyrevelferda. Dette vart nedstemt av regjeringa og støttepartia. Eit anna tema der ein står saman er mot legaliseringa av reptilhald. Her står folkehelse, dyrehelse og sunn fornuft opp mot eit kunnskapslaust Høgre, Frp og spesielt Venstre.

Dyreveldferd handlar ikkje berre om kua og sauen som beiter grønt gras på beite utan rovdyr, men og om kjæledyra ein har i heimen. Erfaringar visar at her er det alt for mange dyr som lever under uverdige forhold. Veterinærforbundet jobba aktivt saman med Geir Pollestad (Sp) for å hindre smugling og anna import av gatehundar ifrå det europeiske kontinentet. Desse kan ubevisst dra med seg sjukdommar som me ikkje ynskjer her i landet, og som definitivt ikkje vil betra dyreveldferden. Andre tema ein er samde om er kunnskapslaus avl på hundar som vert født og lever med fysiske skavanker. Me stiller tilsvarande strenge krav for kjæledyra som hjå husdyra, og der er som sagt velferda best i verda.

Til slutt vil eg bare oppfordra medlemmar av Dyrevernsalliansen, samt alle interesserte om å søka opp nærmaste Åpen Gard via Norges Bondelag nå i slutten av august. Bli med inn på tunet, still spørsmål og opplev sjølv kor viktig dyreveldferd er for den norske bonden.