UKJEND? «Norsk havbruksnæring er tydelegvis lite kjend hjå deler av tigerstaden», skriv artikkelforfattaren. Biletet er frå Frøya. Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix
UKJEND? «Norsk havbruksnæring er tydelegvis lite kjend hjå deler av tigerstaden», skriv artikkelforfattaren. Biletet er frå Frøya. Foto: Gorm Kallestad / NTB ScanpixVis mer

Serverer de oppdrettskjøtt, Maaemo?

Norsk havbruksnæring er tydelegvis lite kjend hjå deler av tigerstaden.

LAKS: Nyleg klarte kjøkkensjef Esben Holmboe Bang å tirre på seg ein heil kyst. Nett slik tyrefektarar viftar med raudt framfor oksen. Folk på merdekanten blir nok ikkje dei fyrste til å booke bord i Schweigaards gate. Nysgjerrig som eg er, freistar det likevel noko, kanskje har dei villku på menyen?

Eg er ingen meisterkokk. Ikkje har eg fagbrev. Ikkje lagar eg åtte rettar heime på kjøkkenet. Eg er ein simpel kar frå ei øy i havgapet. Ein kar som elskar fisk og norsk sjømat. Dessutan er eg stolt. Fantastisk stolt av at me her i landet har klart å avle fram eit fantastisk husdyr folk over heile verda set pris på.

Men laksen som sym rundt i merder langs kysten vår fell altså ikkje i smak på finare restaurantar i tigerstaden. Eg har undra meg litt på kvifor? «Oppdrett er oppdrett», seier gourmetkokken. Skal me produsere mat i dag, treng dyret fôr. Ein kan sjølvsagt sette fisken ut i elva og sjå om den kjem tilbake. Matproduksjon i Noreg i dag dag handlar om å ha kontroll og vite når dyret treng mat. Slik produksjon kallast oppdrett. Gris, sau, kylling, ku i seinare tid laks og aure. Har de ikkje slik mat I Oslo? Kanskje jaktar ein med pil og boge? Det var vel og i førre veke nokon hadde observert eit villsvin på Austlandet. Kjære villsvin pass deg!

Norsk havbruksnæring er tydelegvis lite kjend hjå deler av tigerstaden. Akk ja, me lyt nok brette opp ermene og gjere ein enda betre jobb. Dreg du derimot til Japan, til fasjonable restaurantar i Frankrike eller ønskjer trendmat i Moskva finn du eit rosa fiskekjøtstykke med opphav Norvegé. Arne Brimi har heilt rett når han seier at norsk laks er ein av delikatessene frå sjømat-Noreg som gjer at norske kokkar er i verdseliten. Denne maten har altså ikkje innpass hjå Maemo, dei om det!

Kunnskapsnivået om vår 40-åring er fantastisk lågt i Dagbladets reportasje frå gourmetrestauraten. Her kastast det ut påstander om forbrukarar som svindlast og oppfisking av småfisk. Ein skulle og tru journalistar har evne til å stille litt kritiske spørsmål til slike påstandar. Herr Holmboe Bang: på øya Lovund i Nordland budde det under 200 for 20 år sidan. Øya var i ferd med å bli fråflytta. I dag er det oppdrettslaks som gjer at folketalet er over 400. PS! Det er laksen herfrå som ligg på bordet i Nordens beste sushirestaurant. Til opplysning, restauranten er så populær at den til og med har to lokaler i Oslo!

Eg utfordrar og inviterer hermed heile gjengen på Maemo til merdekanten. Dagbladet skal sjølvsagt få vere med. De skal få smake på det som har tatt over som fredagskos hjå familiar i Paris (de et vel taco??). De utfordrast hermed til å ta blindtesten. Vill eller oppdrett - kjenner de forskjellen?

ARTIKKELFORFATTER: Øyvind André Haram
ARTIKKELFORFATTER: Øyvind André Haram Vis mer