Sex, drugs & helsekost

Jungelmus på heilt nye eventyr. Ho er vanskeleg å verte klok på - lettare å verte klok av.

«Bling bling, bitch, do my own thing, bitch /
Fuck a wedding ring, that dingaling was just a fling, bitch»

Dette er andre gongen eg skriv om kvinnelege rapparar i denne spalta, og igjen handlar det om kjønn. Betyr det at ein kvinneleg rappar ikkje berre kan vere ein rappar? Nei, det betyr det sjølvsagt ikkje, men noko av det aller mest spennande som skjer på den amerikanske rapscena for tida, skjer blant kvinnene.

Denne minoriteten er i sterk vekst, og det store fleirtalet av dei rappar nettopp om å vere kvinner. Nokre er meir eksplisitt feministiske enn andre, nokre meir politiske enn andre, nokre meir personlege, seksuelle eller frekke enn andre.

Felles for dei alle
er at dei rappar om kjønnet sitt. Men vent, sit fokuset på kjønn i mine øyre?

Mannlege rapparar rappar vel òg om kjønnet sitt, nokre gjer det òg konstant, og til dei grader. Store ord som persepsjon, kontekst og fenomenologi dukkar opp i hovudet mitt. Orsak meg, eg er visst sterkt påverka av ei bok eg les for tida; meir om det til slutt.

Det går mot nye tider. Ein av fjorårets mest spennande debutar på denne scena kom frå den då 22 år gamle og karibiskætta Shayna McHayle frå Brooklyn, New York. (Plata finst ikkje på Spotify, men kan hentast gratis på nettet.)

Under den fyrste gjennomlyttinga av plata vart eg mildt sagt forvirra. Kunstnarnamnet er Junglepussy, eit slangord for kjønnsorganet til ei afrikansk-amerikansk kvinne. Ein opplagt vidare assosiasjon er «naturbarn», for det kan ikkje vere eit barbert kjønnsorgan det er snakk om.

Men så sette eg på fyrste låt, og ho høyrest ut som nok ein sexfiksert rappar som vil fortelje om kor god ho er til å tilfredsstille ein mann. I den neste augeblinken vil ho vere fri, og rappar om ekteskapet som eit fengsel. Så viser ho sine karibiske røter, og leverer ein heil låt på patois. Ho rappar òg mykje om å ete frukt og helsekost - og om å røyke pot.

Gjennom den drøye halvtimen «Satisfaction guaranteed» varer er Junglepussy innom ein stor bunke personlegdomar, vinklingar, flows og stemmer. Alle desse rollene sår kanskje tvil om kven ho eigentleg er, men det er fordi ho er meir enn éin. Som alle andre, har ho fleire sider. Ho verken kan eller vil plasserast i éi kasse. Og uansett kven ho er, kva maske ho tar på seg, er ho seg sjølv — og så ler ho av det. Det ho har å fortelje oss, er for viktig til at ho kan ta det altfor alvorleg.

I'm the one to throw yo' shit out the window
Call ya' mama, ask her straight up, «Why ya son a ho?»

Det er nettopp humoren som gjer Junglepussys prosjekt mogleg. Musikarar som har éin politisk idé, eitt politisk prosjekt, er sjeldan vellykka i mine øyrer — med mindre dei gjer det med humor og/eller ambivalens. Humoren og det uhøgtidlege er òg einaste moglegheit for å preike til andre enn si eiga meinigheit.

Den amerikanske marxist-funkalistiske rapgruppa The Coup har forstått det, og Gatas Parlament hadde vore ufyselege utan humor. (Jau då, som alltid finst det unntak: Public Enemy.)

Junglepussys humor er ikkje berre god, han er i tillegg varm, og levert med empati. Den tjukke ironien er mynta både på ho sjølv og oss andre. Det er som om ho både tar på seg alle maskene, men også held dei på ein arms avstand og studerer dei. Og med så mange masker, har ho hendene fulle: «It's a full-time job fuckin' loving yourself.»

Alt dette ville vere likegyldig viss ho ikkje rappa bra. Men det gjer ho, til tider frykteleg bra. Ofte høyrest Lil' Kim-inspirasjonen i flowet hennar, av og til Redman, især i leveringa: utvungent, slepande og ofte bakpå, men alltid artikulert. Ho vil at me skal forstå kva ho seier.

Ordspela er gode og smarte, og referansane er - som resten av fenomenet Junglepussy - lause og opne for tolking. Av og til er det som om ho berre hintar om eit innhald, og det er likevel morosamt.

«99 reasons why niggas ain't shit
103 ways to suck on a clit»
 
Er det berre tull? Meiner ho noko som helst? Kven er Junglepussy eigentleg - eller mest?

På siste låten på plata forklarar ho seg, på eit vis. Låten er hennar beste, og kan lett lesast som ei programerklæring; tittelen er enkelt og greitt «Me». På denne er det både song og rap, og det byrjar slik: «I just want to be free / Swinging my titties from tree to tree / Sipping ginger tea and Hennessy».

Men også i denne oppriktige låten, lurer humoren og lettheita overalt: «I bought a globe, now the world is mine». Og inn i mellom slår lukta av batikk og røykjelse inn, og sexprat og kapitalistisk feminisme lånt frå Lil' Kim og Destiny's Child vert erstatta med berrføtt mystikk a la Erykah Badu: «The vision came to me through a zephyr / Everything is light and whatever is whatever».

Det er på grensa til parodisk. Men der herskar ingen tvil om alvoret når ho brått bryt ut: «What's a girl to do when the world's against you? / Throw it in they face, let them know that you meant to». Så også i dette, som skulle vere programerklæringa hennar, er det vanskeleg å vite kva ein skal tru på. Men ho seier det òg rett ut: «I fight to blur the lines between dark and light».

Ho får oss til å tvile, og derfor lure, og derfor tenke.

Det er som om ho svevar over oss alle, og kikar ned på rollene og kategoriane, og ler av dei, men ho har kjærleiken og sjølvironien som hindrar det i å verte arrogant. Eg likar å tru at Junglepussy representerer det neste nivået i denne kjønnsdiskursen, eit stadium som forhåpentleg er litt nærare det som må vere målet: ei ekte frigjering av individet. Store ord igjen! Men så var det dette med at me har forskjellige øyre og auge. Det er best du lastar ned plata og dømmer sjølv.

Og sjå videoane: Den totalt avvæpnande og sjølvironiske feminismen kjem herleg til uttrykk i videoen til «Me». Det opnar med eit fiktivt tv-intervju der journalisten spør: «So, why the name Junglepussy?» Ho ser spørjande og overberande på han, og svarar: «Dick Clark? Dick Cheney? Dick Wolf? Dick Van Dyke?»

Ho skapar seg - både bokstavleg og biletleg talt. Det gjer me vel alle, Junglepussy er berre ærlegare og vittigare kring det.

EPILOG. I går kveld, etter å ha skrive denne spalta nesten ferdig, la eg meg i senga og las. Eg held på med Siri Hustvedts «Den flammende verden», som eg les på dansk.

Eg begynte på eit nytt kapittel, der hovudpersonen Harriet Burden fortel om ein skulptur ho vil lage, ei kvinne så stor som eit hus: «Hun bliver stor og besværlig, men ikke noget monster med en vagina dentata. Hun bliver ikke en Picasso eller en de Kooning eller en Madonna. Det er ikke noget enten/eller med den her kvinde. Hun skal være ægte. Hendes hoved er lige så vigtigt som hendes bagdel. Og der kommer til at være figurer inden i hendes hoved, små mænd og kvinder, der laver forskellige ting. De kan skrive og synge og spille og danse og holde lange taler, der får os til at falde i søvn. Hun kan være min Lady Fordybelse til ære for Margaret Cavendish, Hertuginden af Newcastle, en for det syttende århundrede monstrøs skikkelse: en kvindelig intellektuel.»